I avisa den 30. september stod det skrive at Ålesund Arbeidarparti mellom anna ynskjer å vrake fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen frå stortingslista. Eg, som styremedlem i Ålesund Ap, kan ikkje la dette gå forbi utan å klargjere kva som faktisk er sanninga.

Denne konspirasjonen har ingen heimel i gyldige vedtak i Ålesund Ap, og er reine påfunn frå einskilde personar. Ålesund Ap har ingen vedtak på å vrake Per Vidar Kjølmoen. Kjell Neergaard har aldri vore diskutert i styret i Ålesund Ap.

Det faktiske vedtaket fleirtalet i styret i Ålesund Ap har gjort, basert på innspel frå alle partilaga, er slik:

  • - Ålesund Arbeidarparti sin førstekandidat skal ha 1. plassen på lista.

  • - Siv Katrin Ulla skal stå først av Ålesund Arbeidarparti sine kandidatar.

  • - Åse Kristin Ask Bakke skal vere blant dei fem første på lista.

Eg har ikkje mykje til overs for dårlege reality-seriar med alt det inneber av baksnakking, konspirasjonar og oppkonstruerte konfliktar, verken når dei går på fjernsynet eller om det skjer openlyst blant oss, slik vi her er vitne til. Men eg vil vere tydeleg på dette; einskilde personar med dårleg skjulte agendaer pratar ikkje på vegne av Ålesund Ap.

Nominasjonar til Stortinget skal ikkje handle om postnummer, eller kven som kjenner kven. Det skal handle om å velje dei beste representantane, til det beste for både fylket og resten av landet. Det er ikkje noko min, eller din tur.

Det nyttar ikkje å kome med sutring om kven som har hatt representant lengst eller kortast. Det er ein kultur og ei haldning ingen er tent med og som alle kommuneparti i fylket tvert bør gå vekk ifrå. Det er ein gong slik at vi er eitt fylke og at vi står i dette saman.

Ålesund har to gode kandidatar til stortingsvalet, og vi står fjellstøtt bak dei begge. Vi er privilegerte som har to, då er det minste vi kan gjere å løfte dei begge opp. Eg håpar vi framover kan halde oss til demokratisk fatta vedtak. Det inneber å bruke dei rette kanalane, stole på nominasjonskomiteen sitt arbeid og ha ein god og open prosess.

Det er det som sikrar fylket dei beste kandidatane. Det er det som byggjer tillit. Det er det som er det rette å gjere.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no