Mandag møtte motstandarane av vindkraftverket på Haramsfjellet utbyggjar Haram vindkraft AS i Sunnmøre tingrett.

I løpet av dei fire dagane rettssaka varer, kan det bli avgjort om anleggsarbeidet på fjellet må stoppe straks i påvente av ei ny rettssak der det kan prøvast om utbygginga skjer på grunnlag av lovleg fatta vedtak eller ikkje.

Sidan konsesjonen vart gitt i 2008 er både konsesjonsvilkåra og prosjektet endra fleire gongar.

Har krympa

Saksøkjar meiner at det gjer grunnlaget for ein konsesjon som ikkje burde vore gitt, har blitt endå dårlegare — samstundes som at offentlegheita og mange av dei som kunne ha klagerett, ikkje har fått vite om det.

Utbyggjaren av vindkraftverket, Haram vindkraft AS, meiner på si side at det har blitt mindre og betre - altså at «smått er godt»:

  • Det har blitt færre møller,

  • eit mindre område er bandlagt

  • møllene er plassert slik at dei gir mindre ulemper for friluftsliv, naboar og dyreliv.

Kvar enkelt mølle har rett nok vorte større. Rotorblada har vorte lengre, og sveipar nærare bakken enn i den opphavelege konsesjonssøknaden. Men utbyggjar meiner altså at ulempene dette skapar er langt mindre enn gevinsten av å krympe prosjektet.

Saksøkjaren, Nei til vindkraft på Haramsfjellet, er ikkje med på desse notane.

Javisst, saksøkjar protesterer også på at turbinane har vakse. Rotorblada vil no strekkje seg 150 meter over bakken på det høgste. Det kan gi både meir skyggekast og gjere større skade på fulgelivet. Dei sveipar også nærare bakken og kan gi meir støy.

Dårlegare samfunnsnytte

Krympinga av kraftverket har derimot ein annan effekt som vil stå sentralt i saka. For krympinga har gjort at også kraftproduksjonen er halvert.

Allereie i 2008 var det klart at kraftverket ikkje ville bli butikk utan statlege subsidiar og grøne sertifikat i baklomma, sjølv om det på den tid var rekna som eitt av kraftverka i landet med best potensial.

Eit mindre kraftverk kan godt vere meir lønsamt enn eit stort, men i spørsmålet om konsesjon er ikkje det det viktigaste.

Her skal nemleg samfunnsnytte vegast mot ulempene — ikkje mot utbyggjar sine kostnader. Saksøkjar vil i retten hevde at det reknestykket er svekka, så svekka at det i seg sjølv burde gitt eit «nei» til konsesjon.

Ikkje høyrt

Dette kjem på toppen av at saksjøkjar meiner konsesjonen i utgangspunktet vart gitt til eit alternativ som ikkje var utgreidd godt nok (alternativ 3) og at viktige forhold som omsynet til fugletrekka ikkje var med i konsesjonsbehandlinga i det heile.

Så har konsesjonen blitt fornya og konsesjonsvilkåra blitt forlenga fleire gongar, utan at det er lagt ut til offentleg ettersyn.

Mellom anna fjerna NVE makshøgdene til turbinane i anleggskonsesjonen som vart gitt i 2018. Dei som kunne ha klaga på ei slik endring, vart ikkje gjort kjent med dette.

Ingen omkamp

Dei tre dagane som følgjer i retten no, skal avklare om dette er nok til å stanse arbeidet med kraftverket på Haramsfjellet.

Utbyggjar vil bruke si tid i retten på å fortelje at prosjektet tvert om har blitt betre, at ulempene har blitt mindre og at endringane som er gjort i alle fall ikkje er av ein slik karakter at det ville ha utløyst ny konsesjonshandsaming og klageadgang.

Retten er ingen arena for omkamp om sjølve konsesjonsbehandling. Den skjønnskompetansen har ikkje retten, og kan berre avgjere om det er vesentlege feil eller manglar i saksbehandlinga som kan gjere konsesjonen ugyldig.

Eitt viktig spørsmål blir då om endringane i konsesjonen og konsesjonsvilkåra sidan 2008 er så store at dei kunne ha gitt grunnlag for ny klagehandsaming.

I dette inngår også reknestykket om kost-nytte.