4. juli i år deltok Sylvi Listhaug og underteikna på eit arrangement i regi av Runde mot Havsul 1. Vi var begge klare på at dette prosjektet ikkje må få forlenga konsesjon, mellom anna av omsyn til fisk, fugl og økologien i havet utanfor Runde.

Skal vi greie å stanse dette, trengst det meir kunnskap.

Ein av institusjonane som har best best føresetnader for å forske på dette, og formidle resultata dei kjem fram til, er Runde miljøsenter. I framlegget frå regjeringa til statsbudsjett for 2021 er det sett av 3,4 mill. kr. til senteret, til vidare forsking på sjøfugl.

Dersom dei dyktige forskarane skal få høve til skaffe meir kunnskap også om andre deler av kystøkologien, trengst det meir pengar.

Vil Sylvi Listhaug, som medlem i Finanskomiteen, vere med på eit framlegg frå SV på Stortinget om å utvide denne ramma med 1,6 mill. kr i 2021?

Ingrid OpedalMiljøpolitisk kontakt i Møre og Romsdal SV

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no