Kontrasten til budsjetthausten i fjor er himmelropande stor. Då var dåverande fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik sin budsjettpresentasjon gloa som tende lunta til ein haust med illsinte lærarar, elevar og ferjereisande i glødande fakkeltog.

Fylket var dårlegast i klassa med dei svakaste og nest svakaste driftsresultata i fire år på rad. Pila peika rett mot Robek, gjeldsnivået rett til himmels og sparekniven måtte fram frå slira.

Så viste det seg at 2019 var eit får i ulveklede med det beste driftsresultatet av alle fylke i landet.

Budsjettpresentasjonen måndag viser eit fylke på veg ut av krisa. Dumpekandidaten er plutseleg ein heilt vanleg og gjennomsnittleg elev med stålkontroll på pensum – i alle fall på driftskostnadane.

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik avlyser halve auken i ferjeprisane, og foreslår at ferjetakstane blir auka med «berre» ei sone i staden for dei vedtekne to. Fem tannklinikkar som fylkestinget har vedteke å fjerne får livets rett att.

Framlegget til budsjett inneheld ingen, altså absolutt ingen, kuttframlegg. Det går mot ein dårleg haust for fakkelseljarane i Molde.

Den viktigaste forklaringa er at fylket no haustar effekten av kutta i fjor. Då vart drifta dratt ned med 112 millionar – med 50 kvar på samferdsel og utdanning. Akkumulert i løpet av økonomiplanperioden gir det eit nedtrekk på 250 millionar.

I tillegg har rentevinden blåst Møre og Romsdal sin veg. I praksis er det no gratis å låne pengar, til dømes kan ein få fastrenteavtalar på 1-1,5 prosent over 15 år. Den rentekostnaden et inflasjonen opp før lunsj.

Med ein global økonomi som vart koronainfisert før den var skikkeleg ute av sjukeleiet etter finanskrisa, er det ikkje noko som tyder på eit snarleg rentesjokk.

Renteflaksen ser ut til å vare. For det fylket i landet som er på veg mot gjeldstoppen målt i gjeld per innbyggar, betyr det titals millionar i sparte kostnader årleg.

Dette betyr at fylket er i ferd med å skaffe seg armslag att, leggje pengar på fond, få rom til å investere og utvikle tenestetilbodet til innbyggjarar og næringsliv. Fylkeskommunen er både på rett kurs og i rute, både på drifta og med investeringar i til dømes skulebygg.

Så betyr ikkje dette at fylkeskommunen kan kvile på rygg under ein skyfri, lyseblå himmel med eit strå i munnvika og eit glas musserande i handa.

  • På samferdsel tyngjer framleis eit vedlikehaldsetterslep på over åtte milliardar kroner samstundes som kostnadane på nye driftskontraktar eksploderer.

  • Utan full kompensasjon for kostnadane til tunnelsikring i åra framover, vil driftsresultatet igjen krype kraftig nedover.

  • Fylket er på gjeldstoppen, og sjølv om rentene no er lave, utgjer det ein risiko på lang sikt. Det avgrensar handlingsrommet.

  • Kostnadane på drifta av ferjer er framleis høgre enn det staten gir. Dei pengane må fylket ta frå andre område.

I tillegg kjem sjølvsagt usikkerheita med koronapandemien. Her har fylket tapt store inntekter, men så langt har staten kompensert det meste – tilnærma alt. Og her er uansett Møre og Romsdal i same båt som alle andre.

Så frå å vere klassa sin dumpekandidat til å både ha kontroll på leksene og økonomien, så er ikkje dette så verst. Det lønner seg å leggje seg i selen – og ha litt renteflaks i tillegg.