Det er vidare eit faktum at forslaget inneber at ein legg ned 60 tingrettar og opprettar 23 nye og legg ned 34 jordskifterettar og opprettar 19 nye. Dette har også Monica Mæland erkjent.

Når ho seier at «Ingen domstoler blir lagt ned» så sa ho på Stortinget sin talarstol at ho bruker ordet «domstol» i staden for «rettsstad», sjølv om ho er kjent med forskjellen på ein domstol og ein rettsstad. Frølich forklarte i Politisk kvarter at dei bruker ordet «domstol» om rettsstad fordi ein vil hindre at folk i distrikta ser for seg tomme lokale og kroken på døra. Det er ønsketenking at veljarane ikkje gjennomskuar slik tåkelegging.

At forslaget frå regjeringa sikrar aktivitet på rettsstaden Volda eller sikrar at tilsette i domstolen Møre og Romsdal tingrett skal ha fast kontorstad i Volda, er i beste fall ønsketenking. Det er eit faktum at regjeringa seier uttrykkeleg i Prop 11L at dei ikkje vil gjere endringar i domstollova for å sikre at saker også i framtida, dersom forslaget vert vedtatt, skal i retteførast der sakene med dagens domstolsstruktur geografisk høyrer heime. Det er også eit faktum at regjeringa i forslaget uttrykkjeleg seier at dei ikkje vil stille krav til fast bemanning ved rettsstadane fordi:

«Det vil for eksempel være uheldig dersom krav til minimumsbemanning medfører at dommere er nødt til å oppholde seg på rettssteder hvor det i en periode ikke går noen saker (…)»

Dette er oppskrifta på ein ubemanna rettsstad, slik dei har i Nordfjordeid. Rettsstaden i Nordfjordeid var også bemanna inntil dei som arbeidde i det som var ein sjølvstendig domstol av ulike årsaker slutta. Bemanninga vart gradvis flytta til hovudkontoret i Førde og dommarane reiser no til Nordfjordeid for å sette rett somme dagar i månaden. Det er eit faktum at forslaget til regjeringa legg til rette for same resultat for rettsstadane i Volda og Ørsta:

«Om og i hvilket tempo endringer i rettsstedene bør skje, vil blant annet bero på leieavtaler, bygningsstandard, ansettelsesforhold og sakstilfang.» (s. 98)

Det er eit faktum at i Prop 11L så er det opp til Domstoladministrasjonen å bestemme nedlegging av rettsstadar. Dette har Domstoladministrasjonen heimel i domstolslova § 25 til å gjere, og regjeringa seier uttrykkjeleg at dei ikkje foreslår å endre dette.

Rettstryggleiken til borgarane er avhengig av at domstolane er lett tilgjengelege, at domstolane leverer kvalitet innan rimeleg tid, at domstolane har tillit i folket, at folk har tilgang til juridiske tenester og rådgjeving der dei bur og at det ikkje vert for dyrt eller byrdefullt å gå til sak. Ingen kan spå om framtida, men vi kan sjå på historia for å lære. Det er eit faktum at etter at domstolen i Nordfjordeid vart nedlagt og erstatta av ein rettsstad så har advokatmiljøet forvitra og folk sin tilgang til domstolen har vorte dårlegare.

Det er eit faktum at folket har høg tillit til domstolane i Noreg i dag – med dagens domstolsstruktur. Det er eit faktum at Noreg er blant dei beste i verda på rettstryggleik – med dagens domstolsstruktur.

Det er ønsketenking at forslaget til regjeringa sikrar rettstryggleik, kvalitet, effektivitet og arbeidsplassar i distrikta. Det er eit faktum at regjeringa ikkje har vurdert og greia ut om andre alternativ kan vere betre verkemiddel for å nå dei uttalte måla enn den foreslåtte nedlegging og sentralisering av domstolstenester.