Fråflytting og bedrifter som døyr har i fleire tiår fått herje altfor store delar av landet, utan at ein har klart å knekke koden. Covid-19 kan vere nøkkelen til å gå frå å tru på heile Norge til å ta heile landet i bruk.

I mange tiår har fråflytting og diskusjon kring distriktsutfordringar prega norsk politikk.

Det har vore ein gjennomgåande trend uavhengig av kva for regjering som har sete med makta, at fleire og fleire har flytta til, eller rundt dei større byane.

Busetnadsmønsteret har hengt saman med arbeidsmarknaden, og mange lokalsamfunn haldast oppe av ein som oftast fåfengt draum om at statlege arbeidsplassar skal etablerast i akkurat deira bygd eller deira region.

Ny teknologivår

Ingen parti eller regjering har klart å snu dette mønsteret. Men så kom koronavåren.

Over natta blei store delar av det norsk folk avhengig av tekniske løysningar som allereie eksisterte, men som få visste å utnytta i stor nok grad. Plutseleg har kombinasjonen av teknologi og koronakrisa gitt distrikta bokstavleg tala ein ny vår, og med den ein ny og heilt unik sjanse.

Saman har vi nemleg erfart at dagens teknologi og meir fleksible arbeidsgjevarar, og arbeidstakarar i kombinasjon absolutt kan vere med på å sikre busetnad i heile landet.

Teknologi

I dag finns det gode teknologiske løysingar som gjer at arbeidsgjevarar ikkje lengre er like opptekne av at dei tilsette skal ha fysisk nærleik til kontoret kvar dag.

Mange jobbar kan i hovudsak løysast med ei datamaskin og god nettilgang. Dette kan i stor grad gjerast mange mil unna kontoret eller arbeidsgjevaren eller sin fysiske lokasjon.

Kva vil det ha å seie for framtida? Jo ein tenkt familie kan for eksempel bu på Sæbø, medan mor sin jobb Sæbø, medan mor sin jobb fysisk er i Oslo og far sin jobb i Kristiansund. Tidlegare ville dette bydd på store utfordringar og hadde ført med seg mykje større grad av pendling og logistikk.

Teknologien gjer i dag at det ikkje er nokon grunn til at verksemder i ei rekkje bransjar kan etablerast, eksistere eller ha filialar også på mindre stader i vårt langstrakte land, eller at dei tilsette kan sitte meir spreidd. Det har faktisk vist seg at vi får gjort meir under koronakrisa.

Auka produktivitet

Ein ny studie frå professor Michale Parke ved Wharton syner nemleg at produktiviteten har auka, medan heimekontor har blitt den nye normalen for mange i regionen. Dette viser at det er fullt mogleg med ein levande og digital privat sektor også på stader som dei siste åra har vore prega av fråflytting.

Derfor har vi til dømes teke til orde for ei kraftigare og raskare utbygging av breibandnettet i heile landet. Godt nett er nemleg heilt avgjerande for at vi kan ta heile landet i bruk.

Medan politikarane krigar seg imellom med slagord som "Vi trur på Norge" eller "Vi trur på heile Norge", bygger viktige aktørar ut både breibands- og mobilkapasiteten i heile landet. Det er ei slik utbygging som praktisk gir moglegheitene på nettopp ei slik tru.

Vi trur sjølvsagt også på dette landet og skaparkrafta her. Derfor seier vi som eit av dei andre partia: "Alle skal med". Det er også derfor vi digitaliserar Norge!

Espen RemmeRegiondirektør i NHO Møre og Romsdal

Øystein Eriksen SøreideDirektør i Abelia

Har du noko på hjertet? Send eit innlegg til meninger@smp.no