Eg er fødd og har vakse opp i Langevåg og budd her heile mitt 64-årige liv utanom eitt knapt år i Trondheim og seks år i utlandet. Dette er for meg staden eg elskar på jord. Den friske lufta, stilla, nærleiken til hav og fjell, den vakre naturen. Ikkje minst den flotte utsikta til Breisundet med dei vakraste solnedgangane. Dette har vore balsam for sjela for oss og for generasjonar før oss. Besøkande frå inn- og utland fell i stavar over alt dette og den rikdomen vi er til del som kan bu ein slik stad. Vi ser med glede at fleire og fleire flyttar til bygda og øya, av same grunn. Og dette, kjære ordførar, er det vi kjempar for å behalde, og eg trudde at dette var noko du og dei folkevalde politikarane våre òg ville kjempe for.

Men så kjem det ein privat aktør og lanserer storslåtte og flotte planar med lovnader om at det skal tilflyte klingande mynt i kommunekassa, og kommunestyret er begeistra og takkar! Men kjem det klingande mynt i kommunekassa? Gjer det det? Eg meiner å høyre argument som; moglegheit for både det eine og det andre, at ein trur det vil bli slik og slik, men ikkje konkrete lovnader når det gjeld økonomisk gevinst for Sula kommune.

Flakk-gruppa har investert mykje for å få liv i Devoldfabrikken, og for å tene pengar. Utan dette ville den moglegvis ligge der som eit stort, grått og tomt område den dag i dag. No er det ein bauta i bygda, som minner oss om tida som har vore, og Flakk-gruppa har makta å fylle den med andre funksjonar enn den opphavleg hadde. Og no i juletida glitrar det i mange tusen lys til stor glede for fastbuande og tilreisande.

Alt dette set eg og mine sambygdingar stor pris på! I mitt arbeid arrangerer eg ofte samlingar/møter, og eg legg inn ein tur til Devoldfabrikken så langt det let seg gjere. Ja ikkje berre ein tur, vi prøver å halde arrangementa/møta i dei flotte lokala til fabrikken. Det som vi saknar i dette høvet er eit lite hotell/overnattingsstad slik at vi kan ha heile arrangementet der. Tilreisande frå heile landet er vel kjend med merkenamnet Devold, og vil gjerne få moglegheit til å handle der. Kvifor ikkje satse meir på overnattingsstad, dette var vel òg i dei opphavlege planane for utbygginga av Devoldfabrikken, om eg ikkje hugsar feil?

Og har de rekna på verdien av det vi har i forhold til det gondolbana vil tilføre? Eg går ut frå at kommunen vil få utarbeidd ei risikoanalyse før ein eventuelt går vidare i prosessen.

Eg ber dykk, ordførar og folkevalde, om å tenke, ikkje berre med hovudet, men òg med hjartet i denne saka. Tenk på dei som har investert med alt dei eig og har for å få seg ein heim, på draumetomta med eit storslått utsyn og fred og ro i nærleik til naturen. Dette står no i fare for å bli øydelagt fordi ein privat aktør skal tene meir pengar. Verdien av deira eigedomar vil falle drastisk i verdi både på kort og lang sikt. Dette gjeld for langt fleire enn dei som er i 20-metersbeltet under bana.

Meiner de at dette er greitt? De tek vel òg vare på eigedomane dykkar for at dei skal halde seg i verdi, og for at de skal få noko igjen den dagen de vil selje? Og set ikkje de òg umåteleg stor pris på å kome heim frå arbeid og kvile dykk i hagen ein fin sommardag? Gjerne nyte middagen ute medan borna badar og leikar seg i hagen? Og kanskje får du deg ein dupp i sola? Sjå då for deg gondolbaner som svever like over hustaket, nærast i skytteltrafikk, over hagen din, som kastar skygge i hagen og ikkje minst lagar støy? Og folk som kikar ned på deg og dine?

Kvar er privatlivets fred oppi dette? Og alle dei andre som ikkje er so direkte råka, skal i alle fall høyre støyen frå gondolbana, sjå dei store mastene og kablane med gondolvogner når ein skal nyte utsynet til Breisundet ein fin sommarkveld? Og høyre susen, ikkje frå furutrea, men frå gondolbana?

Gondolbaner finst over heile verda, det er ikkje noko nytt, men stille og urørt natur minkar. Det er verdien Sula har. Lat oss for all del ta vare på nettopp det som gjer Sula unikt; ein trygg og fredeleg stad å vekse opp, elvesusen frå fjellet og lett tilgjenge til natur i fjell og på sjø.