Høgtider kan vere særleg tunge for dei som er einsame. Då tar kvardagen sin puls pause. Forventningane om fellesskap med familie og venner og sosiale opplevingar blir ekstra sterke.

For mange har året vi no legg bak oss vore vanskeleg.

Sosial distansering, heimeundervisning og strenge reglar for besøk på institusjonar har gjort at fleire enn vanleg har kjent seg einsame. Mange har gått denne jula i møte med eit tungt sakn.

Alle er einsame i periodar. Ein viss prosent vil derfor til ei kvar tid rapportere om psykisk stress og einsemd. For dei fleste er dette forbigåande. For andre bit einsemda seg fast.

Om det er akutt eller kronisk kan det vere tungt å bere. Einsemd er skuld i mange helseproblem, både mentale og fysiske.

Ungdommar og eldre menneske har kjent meir på einsemd enn andre i år på grunn av koronapandemien. For å førebyggje og redusere dette blant eldre, er det sett av fleire hundre millionar både i år og neste år som kommunane kan søkje om tilskot frå.

Målet er å skape aktivitetar som motverkar einsemd for eldre.

Undersøkingar syner likevel at ungdom og unge vaksne er hardast ramma i år. Røde Kors, Unicef Norge og Utdanningsdirektoratet har i haust rapportert at mellom 40 og 55 prosent i denne aldersgruppa seier dei er einsame.

Koronapandemien gjer at desse tala er høgre enn normalt.

Mange av dei vanlege møteplassane der unge får vere med venner og knyte nye vennskap har vore stengt eller hatt sterkt reduserte tilbod. Sårbare unge har fått det vanskelegare.

Sosiale utfordringar som til dømes å flytte heimanfrå for å studere, har vorte meir krevjande. I ein periode av livet der behovet for sosiale relasjonar med jamaldra er stort og sårbarheita for psykiske lidingar er høgt, kan einsemda gi større helseproblem.

Julehøgtida er kanskje den tida på året der saknet etter fellesskap kjem klarast fram. Flaumlyset blir retta mot den "perfekte" familiehøgtida og julefestar med vener. Då blir også det som manglar ekstra synleg.

Helseminister Bent Høie (H) har omtalt einsemd som eit folkehelseproblem. I det ligg det sjølvsagt også at helsevesenet og styresmaktene har ei viktig oppgåve i å hjelpe dei som slit mest.

Mest av alt er dette likevel fellesskapet sitt ansvar.

Vi som står midt i høgtida sitt flaumlys må ta den telefonen, sende den helsinga eller gjere den invitasjonen som spreier lys til dei som står utanfor vår eigen lyssirkel.

Og ikkje berre i jula.