Agnar Dag Ulstein er ein frå Søre Sunnmøre og KrF som heller vil bruke 25-35 milliard kr til veg på Molde og Møreaksen som snart 80 prosent av innbyggjarane ikkje vil ha, istaden for Hafast, ny veg E39 Blindheim-Breivika, utbetring av E-136 Romsdalen og ny RV15 Strynefjellet.

Det er rimeleg «greinalaust» når Ulstein hevdar at Møreaksen var vedteken i 2014/2017. Verken då eller no er Møreaksen «vedteken» men står i ein plan som vart lagt ved protokollen i Stortinget i sommar.

Møreaksen ligg i området KS1, og skal gjennom mange steg inkludert ekstern kvalitetsikring framover til 2023/24 etter også gjennomgang i finans og samferdselsdepartementet der eg reknar med Møreaksen blir stoppa for godt!

Det at Ulstein som KrF, ar har slik «nestekjærleik» overfor meg blir eg nesten rørt av, men måten å omtale folk på er vel KrF i praksis eller?

Eg lever godt med angrepet på person når dette gjeld den gedigne brannfella Møreaksen, for eg har forlengst oppdaga at Møreaksen-forkjemparane har gått aldeles tom for argument.

Agnar Dag Ulstein: Kva varer som blir produsert på Søre Sunnmøre og i Ulsteinvik skal til Molde?

For Søre Sunnmøre og Ulsteinvik er både Strynefjellet RV 15, og via HAFAST og ut av fylket via E-136 Eksportvegen dei viktigaste vegane, heilt avgjerande for næringslivet, ikkje ein gigantisk firefelts motorveg snart 400 m under Romsdalsfjorden til Midsund/ Aukra og snart 5 mil i tunellar forbi Molde.

Så får berre KrF og Agnar Dag Ulstein fortsette å alliere seg med Orten og Dahl og arbeide for at 25-35 milliard kr havner til Møreaksen, og at næringslivet på Søre Sunnmøre skal få lov til å betale for Møreaksen som dei ikkje skal bruke, ved å måtte betale haugevis med bompengar frå Moa til Tresfjordbrua sjølv om trafikken skal ut av fylket via E-136 Romsdalen.

Sunnmøre blør endå meir når ein har slike personer som Agnar Dag Ulstein i KrF, som gjer alt ein kan for at Sunnmøre ikkje skal få ei einaste samferdselskrone.

Frp og eg brioriterar heller E-136 Romsdalen, E-39 Blindheim- Breivika og RV 15 Strynefjellet samt at næringslivet får veg der næringslivet faktisk har behovet for dette.

Og, eg kjem fortsatt til å vere «greinalaust imot» ein Møreakse til 25-35 milliard kr, som vil hindre penger til absolutt alle andre prosjekt her i fylket i mange tiår framover»

Stopp Møreaksen! Stem FrP!

Frank Sve,Fylkesleiar, gruppeleiar og2 kandidat til Stortingsvalget forMøre og Romsdal Frp

Har du noko på hjartet? Send ditt innlegg til meninger@smp.no