Viktigast er dei enorme kostnadane og dei teknisk kompliserte løysingane: Kan gevinsten verkeleg forsvare ressursbruken og naturinngrepa? Det er for gale å bruke 30–40 milliardar kroner på ei fjordkryssing når vi veit at ferjene slett ikkje er det største problemet på vegane våre.

E136, som trass alt er den viktigaste vegen i Møre og Romsdal, går gjennom tuna på Marstein, på Monge går vegen rundt ei kjøkkentrapp, på Flatmark rundt ein stor stein og på Skirimoen går vegen framleis gjennom den gamle håplause jernbaneundergangen. Telehiva i Honndala er, om mogleg, verre enn for 30 år sidan. E39 mellom Førde og Lavik er endeleg køyrande etter at strekninga til nyleg var som ein seterveg, men framleis går vegen i tronge svingar og bratte bakkar gjennom bustadfelta i Førde.

Asfalten på turistvegen Åndalsnes-Geiranger er så dårleg at det er flaut å seie at dette er det finaste vi viser gjestar i fylket. Moa-Dragsundet er underdimensjonerte for den store trafikken. Kort sagt: Dei viktige vegane vi allereie har blir skammeleg forsømt medan det går prestisje og lettvinte milliardar til ville idear som ferjefri E39.

Ferjene går på si side for sjeldan og for uregelmessig. Det naturlege alternativet til dagens ferjer er derfor ikkje djupe tunnelar og enorme bruer men eit betre ferjetilbod. Til dømes burde det på viktige strekningar ha vore fleire men mindre ferjer som går nonstop. Kostnaden ved dette er ein bagatell samanlikna med anlegg, vedlikehald og drift av Møreaksen. For at Møreaksen skal svare seg må trafikken over fjorden auke med 500–800 prosent (eller kanskje meir). Julsundvegen og Storgata er mildt sagt ikkje dimensjonert for slikt, og sjølv ei moderat auke i trafikken vil krevje nye milliardar til omkøyringsvegar.

Både Møreaksen og Hafast går inn i ein dårleg norsk tradisjon der hovudvegane blir lagt i krok innom kvart gardstun og gjennom kvar tettstad. Snarvegen frå Sunnmøre og Nordfjord til Trondheim går faktisk ikkje om Molde, i alle fall ikkje om Otrøya, men om Dombås og Oppdal. Eit par relativt korte tunnelar frå Isfjorden til Øksendal kan gje ei enkel og relativt billig innkorting av vegen til Trondheim. Brannane i Oslofjordtunnelen og i Gudvangatunnelen viser at lange og bratte tunnelar er svært for problematiske for tungtransporten.

Det er frustrerande at berre dei «uansvarlege» partia Frp og SV viser ansvar i denne saka.

Det ville vere fint å sleppe ferje når ein skal til Hareid eller Molde. Klart det. Men det blir for snevert å diskutere traseval når det så mykje feil med heile ideen om ferjefri E39.