Leserinnlegg av Torleiv Rogne

«Erasmus Montanus»

For noko sidan vedtok utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune at namnet på den samanslegne vidaregåande skulen i Ålesund skal heite; Ålesund videregående skole, altså bokmålsforma videregående skole.

Flaut: Torleiv Rogne meiner det er direkte flaut at Aalesunds Museum argumenterte for å nytte bokmålsformen av skulenamnet.   Foto: Staale Wattø

Meninger

Framlegget frå adm. nynorskforma – vidaregåande vart nedstemd mot to røyster, ei frå H og ei frå V, og takk skal dei to ha!

Det som likevel må undre sunnmøringar flest, må vere hallelujastemninga frå Aalesunds Museum. Dei fører til torgs argumentasjon for dette valet at det vart etablert latinskule i byen allereie frå 1863, og at det soleis er naturleg å bruke bokmålsforma på den nye skulen.

Så vidt eg veit har museet ei fin samling av gjenstandar knytt til næringslivet på sjø og land frå både nær og fjernare historisk tid. Då vert det direkte flaut at museet knyter namnet på den nye skulen opp mot den gamle Latinskulen som er gått ut av tida. Museet syner på denne måten liten respekt for det næringspolitiske arven på Sunnmøre, men framstend som eit åndeleg tomrom når det gjeld å hegne om språkarven. Slik sett burde kanskje museet ha forslege som namn på skulen: Erasmus Montanus læreanstalt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!