Geiranger: Cruiseskipet «Serenade of the seas», fortøyd ved Sea walk.  Foto: Staale Wattø

Synspunkt av Geir Gjørva

«Geiranger – cruisedestinasjon også i framtida?»

Ordføraren i Stranda med fleire uttalar ofte: Alle vil til Geiranger!

Markedet vil ha Geiranger – bekrefta gjennom nylege marknadsundersøkelsar, og seinast gjennom den korte cruisesesongen no i haust. Bygda vil ha cruise – seinast bekrefta i eit møte blant næringsrepresentantar 13. juli 2021. Dei som bestemmer vil det likevel annleis!

Stortinget har altså bestemt at frå 01.01.2026 skal all båt- og cruisetrafikk i dei to verdsarvfjordane på Vestlandet vere utsleppsfri.


Ålesund passerer Geiranger som cruisehavn

Neste år er det så langt innmeldt 246 cruiseanløp i Ålesund. Geiranger har 157. Det er første gang Ålesund har flere anløp enn Geiranger i løpet av en sesong.


I vedtaket heiter det likevel også følgjande: Vedtak 691 «Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruisebåter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.»

Her kan det sjå ut som Flåm (med verdsarvfjord) ligg godt an for å få løyst si sak.

Kva gjer så våre lokale myndigheiter (Stranda kommune og hamnevesen) for å følgje opp dette?

Jau, dei ignorerer kva marknaden og kundane deira seier. Dei vektlegg ikkje at turistane kjem for å sjå og oppleve naturattraksjonar i verdsklasse både i fjorden og vidare forbi sjølve Geiranger sentrum.

Dei bryr seg heller ikkje om kvar inntektene til hamnevesenet og dermed også til kommunekassa kjem ifrå. (Seinast bekrefta av ordførar Tryggestad i Sunnmørsposten 23. oktober 2021).

Det verkar som både administrasjon og politisk leiing i Stranda kommune og hamnevesen no berre har fokus på framtidige løysingar for cruisetrafikken til Hellesylt og Stranda.


Cruiseturister legger igjen minst penger per kilo CO2

Cruiseturister bruker 3 kroner og minst av alle per kilo CO2-utslipp, ifølge en analyse som skal gjøre det lettere å prioritere turister med lavt karbonavtrykk.


Dei legg alle krefter i dette for bl.a. «å berge» økonomien til hamnevesenet etter fleire feilslåtte investeringar, bl.a. i cruisekai på Hellesylt.

Og hovuddestinasjonen Geiranger skal bli omgjort til rundingsbøye for andre variantar av cruisetrafikk på sjø og land frå omkringliggande hamner. Det verkar ikkje som dette scenarioet er veldig godt gjennomtenkt med tanke på dei konsekvensar det vil få.

Kva så med framtida?

Gode krefter og optimistar har nok som mål ein utsleppsfri cruiseindustri ein gong i framtida. Neppe i 2026 allereie.

Ny teknologi kjem, og cruiseindustrien har klare målsettingar for framtida. Derfor vil nok moderne cruiseskip om ikkje så veldig lenge kunne segle på drivstoff som nesten ikkje forureinar, og ein gong vidare framover heilt utan utslepp.

For å få til nullutslepp må dei ha straumtilkopling når dei ligg til kai, også i Geiranger.

Det er mange tiltak som kan gjerast for å betre på situasjonen framover slik at Norge for behalde Geiranger som den viktigaste cruisedestinasjonen, og Geiranger behalde cruisetrafikken og dermed sikre framtida for bygda.

Då må lokale myndigheiter flytte fokuset tilbake dit marknaden vil, og der dei får inntektene sine ifrå.

Geiranger er ikkje godt nok «rigga» for framtida no, nettopp fordi fokuset har vore andre stadar.

Geiranger treng store investeringar i infrastruktur som bl.a. kaier, kraftforsyning, vegar, telenett parkeringsanlegg m.m. Alle veit at dette vert kjempestore investeringar.

Det er Staten gjennom Storting og regjering som har gjort vedtaka om nullutslepp. Og også om at forholda skal leggast til rette for cruiseskipsanløp i framtida (ref. vedtak 691 over).


Dronningen om cruiseutslipp i fjordene: – Du går faktisk i eksos

Dronning Sonja forteller at hun har opplevd et eksoslokk over fjorden etter cruiseskipsanløp. Og hun er ikke redd for å ta opp problemet i cruisebygda Flåm.


Enkel løysing er då at Staten også må ta rekninga for dette! Det står vel også i stortingsvedtaket.

Då er det viktig at Staten også får korrekt beskjed frå lokale myndigheiter om kvar desse investeringane skal gjerast. Her må det ei haldningsendring til blant lokalpolitikarane.

PS! Eg har sikre kjelder på at lokalpolitiakarne i Aurland, og Vestland fylkeskommune verkeleg står på og jobbar for løysingar for bl.a. landtilkopling for straum til cruiseskipa i Flåm.

Kvar er våre lokalpolitikarar sin innsats for den kanskje mest sårbare bygda, Geiranger? Alt dette hastar veldig.


Kronikk av Arne Sandnes

«Det er ikkje snakk om avvikling av cruise. Det er snakk om ei omlegging!»

I Nepal har dei «heilage fjell». Mt. Everest var så heilagt at klatring lenge var forbode. Etter at fjellet vart opna i 1953, har ekspedisjonane stått i kø for å bestige toppen. Resultatet er at verdas høgste fjell i dag ser ut som ein svinesti.


Cruisenæringa må få vite kva som skal skje, og ikkje minst må Geirangerbygda få vite om offentlege myndigheiter vil stille opp og sørge for at det som er bygd opp over 150 års innsats vil bli varetatt og vidareutvikla med ei grøn framtid.

Det er Geiranger som er den mest kjende internasjonale merkevara for Norge som reisemål!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!