I min barndom var dette eit uttrykk som vart ein del brukt. I eldre år har eg spekulert ein del over dette. Kan ein verte fattig av å spare? Etter å ha lese ein kronikk av professor Viktor D. Normann ved NHH i VG for ei tid sidan, og etter å ha sett rundt meg her i nærområdet, trur eg det må vere noko rett i uttrykket. Dersom ei verksemd ikkje brukar noko av overskotet sitt til å investere i ny teknologi, og å skape nye produkt, vil verksemda ”gå dukken” – som det heiter. Det same gjeld dersom ei utanlandsk bedrift fører alt overskotet i bedrifta dei eig her i landet til sitt eige heimland og ikkje har ”råd til” å ha ”reiregg” til å skape ny framgang her i landet, så vil verksemdene dei har her i landet ”svelte i hel”!

For nokre år sidan stod eg på jarnbanestasjonen i White Fish i Montana, USA og venta på toget som skulle ta oss tilbake til Seattle. Då kom der eit fullasta godstog frå Seattle som skulle vidare inn i Amerika. Kva var så dette toget fullasta med? Jau, japanske bilar! Eg spurde då ein amerikansk slektning: ”Kor mange amerikanske arbeidstimar gjekk tapt på dette toget?” Han var sjølv bilforhandlar. Han såg på meg, rista på hovudet og sa: ”Don’t mention it!” —Ikkje snakk om det!

Bakgunnen for denne tragedien – vil eg kalle det – var, etter mi meining, at amerikanarane trudde dei var verdas beste og at heile verda ville halde fram med å kjøpe dei store, bensinslukande bilane og ikkje satsa nytt. Japaneserane ”snudde på flisa” og byrja med små lette bilar, noko som slo an over heile verda. Amerikanarane stod att med ”Svarteper”!Stoppar vi opp og ser rundt oss, ser vi at det same kan skje her på denne sida av ”dammen”.

Vi er, etter mi meining, heile tida nøydd til å ha nok pengar til å satse på ny teknologi, nytt design og betre infrastruktur. Vi ser no dei same tendensane her i landet, som USA har vore gjennom. Dei som satsar har ein sterk tendens til å overleve!På denne bakgrunnen undrar det meg at vårt eige ”Oljefond” hovudsakleg satsar på å kjøpe gater i London og Paris og eg spør meg sjølv: Kva nytte har det norske folk av London- og Paris-investeringane? Svaret mitt er: Svært lite!

Ser vi på den tida vi verkeleg hadde framgang her i landet, var det på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900 talet. Då vart det satsa på å bygge infrastruktur. Lokalt vart det satsa på ”fjord- og øyabåtar”. Folk fekk då selt varene sine! Bøndene fekk selt mjølka og kjøtet sitt og øyfolket fekk selt fisken sin. Det vart då starta meieri, slakteri, fiskeforedlingsbedrifter osv.! Vegar var bygde ut og det vart raskare å få omsetnad på varene som vart produsert. Det betra økonomien til produsentane og dei fekk råd til å investere i meir arbeidssparande utstyr. Etterspørselen etter arbeidskraft auka og det vart meir pengar mellom hendene på folk.

Rundt oss i dag ser vi at vegar og anna infrastruktur vert nedslite. Det same gjeld for næringslivet vårt om dei ikkje får investert i ny og arbeidssparande utstyr! Er det dette vi skal overlevere til våre etterkomarar?

— Eit totalt nedslite land? Dette på grunn av at vi har så stor redsle for å få det som ein kallar ”Hollandsksyke”. Etter professor V.D. Normann sitt syn, kan ein få den nemnde sjukdomen også av å ikkje investere! Vi bør, etter mi meining, gi våre etterkomarar noko betre enn eit totalt nedslite land! Dei burde ha krav på noko meir! I dag melde Dagsnytt TV at Oljefondet hadde tapt over 20 milliardar kroner. Vi kunne betra mykje her i landet med desse pengane!

ROLV RØRHUS

6270 Brattvåg