Ein av dei som jublar høgast er Jan Helgøy som i år etter år har halde fast på entusiasmen og optimismen, sjølv då alt såg svart ut. Skipstunnelen opnar mulegheiter for vekst og utvikling, som vil gi ringverknader til heile landet.

Ein stor del av godstransporten kan bli flytta frå veg til sjø, og det vil bety mykje for miljø og samferdsel. Skipstunnelen kan også bli ein stor turistattraksjon, når den ein gong i framtida blir realisert.

Eiksundsambandet og Kvivsvegen er andre prosjekt som er blitt løfta fram og fått merksemd. Dersom ein blar gjennom gamle årgangar av Sunnmørsposten vil ein finne hundrevis av artiklar om desse vegsambanda, mange, mange år før dei var noko anna enn litt rare idear.

Kven skulle tru at det skulle bli muleg å byggje verdas djupast undersjøiske tunnel på Sunnmøre? Knut Nærø var aldri i tvil, og var pådrivar for at Eiksundsambandet vart gjennomført. I dag veit vi kva dette sambandet betyr for utviklinga av søre Sunnmøre.

Dersom dei gode ideane til folk frå Herøy, Ålesund, Hornindal eller Vanylven skal bli noko meir enn gode idear, er det behov for ei avis som kan sette dagsorden og gi dei lokale sakene nasjonal merksemd.

Viktig skilje

Kan det vere problematisk at ei avis blir altfor patriotisk? Ja, det er problematisk dersom det fører til at avisa blir ukritisk eller held tilbake vesentleg informasjon. Difor er det svært viktig å skilje mellom avisas si rolle på leiarplass – der vi er eit talerør for regionen – og avisa si rolle på nyhende og reportasjeplass, der oppgåva er å få fram alle sider ved ei sak, også dei som er ufordelaktige for det aktuelle prosjektet.

På vanleg nyheitsplass skal vi vere upartiske, saklege, kritiske, balanserte og faktaorienterte. Lesarane må kunne stole på den informasjonen vi bringer ikkje er farga av ei bestemt haldning – for då er vi ikkje lenger truverdige. Patriotisme på leiarplass må aldri føre til at vi sviktar vår rolle som kritisk korrektiv, eller at vi held tilbake informasjon som er vesentleg for heilskapen.

Viktige saker i desse dagar er til dømes ferjefri E39 i vårt område, at Nordvestlandet blir inkludert i planane om framtidig lyntogsatsing, det vil seie at traseen må leggjast til Gudbrandsdalen og ikkje Østerdalen, og at det må ryddast opp i dei forureina områda utanfor skipsverfta i regionen.

Ein viktig føresetnad for å skape utvikling, er at folk med ulike synspunkt kjem til orde. Dette er bakgrunnen for at vi satsar ekstra på å skape gode forum for den lokale debatten - både på nett og papir.

På leiarplass vil Sunnmørsposten alltid kjempe for interessene til folk som bur på Nordvestlandet, anten det gjeld sjukehustilbod, beredskap, samferdsel, miljø eller næringsutvikling.