Dei fleste tilsette ved ambulant seksjon i Myrvåg jobba tidlegare på den lukka psykiatrisk langtidssengeposten på Larsnes. Den vart nedlagt og om lag til denne ambulante verksemda i 2012. No står seksjonen nok ein gong overfor ei stor omstillingsprosess.

Ugunstig med Volda

Bakgrunnen for at saka kjem opp er ein konsekvens av den føreslegne flyttinga av Mork rehabiliteringssenter inn i DPS døgn sine lokale. Innspelet om å samlokalisere ambulant seksjon i Myrvåg i Volda med DPS døgnpost for å få eit meir robust fagmiljø, var også eit ynskje i 2018. Volda vart då vurdert til å ligge ugunstig til for ein ambulant basestasjon. Fram til då hadde ambulant seksjon vore delt mellom Volda og Larsnes.

Å flytte ambulant seksjon til Volda er å flytte tenestene lenger vekk frå brukarane. Dette vil føre til ei mindre effektiv ambulant verksemd, og kvaliteten på tenestene vil gå ned då ein når færre pasientar og får lenger responstid. Med ein lokalisjon i Myrvåg vil ein i gjennomsnitt ha 30 minutt kortare responstid/køyretid i snitt per oppdrag til alle kommunane kontra lokalisjon i Volda.

Tilsette sluttar

Sjukepleiarar, miljøterapeutar og anna fagpersonell med lang ansiennitet og spesialkompetanse innan ambulant arbeid har tydleg formidla til leiinga at ved ei eventuell flytting til Volda vil ein seie opp eller gå av med tidleg pensjon. Dette på grunn av auka køyretid i arbeidstida og auka pendlartid. Vi ser dessverre allereie no at tilsette har starta å søkje seg vekk på grunn av usikkerheita denne saka har medført.

Ved ei eventuell flytting av den ambulante seksjonen mister ein difor mange av dei dyktige fagfolka som er grunnmuren i den ambulante verksemda. Psykiatrane er heilt avhengig av kompetente og erfarne kollegaer som tek dei rette vurderingane samen med dei. Ein av psykiatrane ved ambulant seksjon er svært uroa for kva som vil skje dersom det robuste fagmiljøet vert pulverisert ved ei eventuell flytting.

Lite helskapleg

Anbod på nybygg av DPS døgnpost og ambulant seksjon er no avslutta. Dette før styrevedtak er gjort. Prosessen kan difor virke forutbestemt. Det står fram som ein lite heilskapleg plan det som no skjer. Det er ikkje ein del av utviklingsplanen for Volda sjukehus, og det er heller ikkje ein del av langtidsplanen for psykisk helsevern.

Når ein etablerte ambulant seksjon på Digerneset etter nedlegging av Sjøholt DPS, så valde ein Digerneset som lokalisasjon fordi det låg midt i nedslagsfeltet, slik som Myrvåg. Med plassering i Myrvåg og Digerneset ynskte ein å ha ei teneste nær brukarane og tenesteapparatet. Erfaringane her viser at det er fullt mogleg å få til eit godt spesialistmiljø saman med dei flinke fagfolka i ambulant team.

Feil framstilt

Det vert hevda at det har vore store utfordringar i Myrvåg knytt til å dekke opp spesialiststillingane. Denne framstillinga meiner eg er feil. Det er snakk om berre tre års drift i Myrvåg og fram til oktober 2020 var det full psykiatardekning i Myrvåg. På tre år er det lyst ut psykiatarstilling ein gong og stillingar har vorte heldt vakant.

Tillitsvalde og vernetenesta i Myrvåg har foreslått at spesialistane kan ha kontor i Volda dersom dei ynskjer det. Det er ute på heimebesøk med pasientane ein har behov for felles treffpunkt, og møte kan ein ha på Skype/video/telefon ved behov. Dette vart prøvd ut med gode erfaringar under pandemien. Ein har heller ikkje prøvd ut konkrete rekrutteringstiltak som for eksempel høgre lønn som burde vore eit naturleg tiltak for psykiatrane/psykologane i distrikta. Det er ikkje psykiatrane som har mest køyring og heimebesøk. Det er dei andre profesjonane som har. Difor er det uforståeleg at ein må flytte ein heil seksjon på grunn av tre stillingar sine ynskje/behov/utfordringar.

Det vert også nemnd i styresak at ein vil sjå på moglegheit til å etablere dagtilbod ved ei eventuell samlokalisering. Det er vel ikkje spesialisthelsetenesta sin oppgåve å drifte dagtilbod når vi har sju kommunar med mange flotte dagtilbod til menneske med psykiske lidingar?

Vil ha gode løysingar

Det er i tillegg både langt og kostbart å reise frå til dømes Herøy eller Hareid til Volda for å delta på dagtilbod. Eg håper direktør og styret bruker fornuft i denne saka slik at ein ikkje øydelegg eit robust fagmiljø for denne pasientgruppa som treng stabilitet og fagkompetanse, men heller ser på alternative løysingar framfor ei tvangsflytting. Ein må vareta alle profesjonar, og eg er overtydd på at ein kan få til gode løysingar for spesialistane utan å måtte flytte ein heilt seksjon og rasere eit robust fagmiljø.