Nyleg kunne Sunnmørsposten fortelje om Therese Utgård som har klaga på takstbruken ved Sykkylven legesenter, og fått medhald. Utgård, som sjølv har bakgrunn som lege, har god kjennskap til kva normaltariffen av konsultasjonstakstar omfattar. Ho har ved fleire høve påpeika feil takstbruk ved legesenteret i Sykkylven, og Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) har gitt henne medhald. Utgård har bede kommunen undersøke praksisen ved legesenteret, for å unngå at andre innbyggarar i kommunen betaler for mykje i legetenester. Dette er det all grunn til å rose henne for. Svært få pasientar har kjennskap til det innfløkte takstsystemet, og er dermed ikkje i stand til å påpeike eventuell feil takstbruk.

I eit brev til Utgård, som seks legar i Sykkylven har underteikna, blir ho oppmoda om å søke fastlege ved eit anna legesenter. Dei skriv at dei er usikre på om dei som legar vil kunne vere objektive nok i behandlinga av henne som pasient. Dette er oppsiktsvekkande. Legane meiner at Utgård har ytra seg så kritisk til deira virke, at dei har vanskar med å behandle henne. Det gjeld ikkje berre dei legane ho har hatt kontakt med, men også tre andre legar. Kva melding gir dette til pasientar som kan ha gode grunnar til å ytre seg kritisk? Kva «straff» kan dei vente seg? For Utgård betyr det at ho må reise ut av kommunen, til Ålesund eller Stranda, for å kunne gå til lege. Slik kan det ikkje vere.

Legane i Sykkylven skriv i eit svar til Sunnmørsposten at Helfo og Den norske legeforening er ueinige om korleis takstane for legetenester skal tolkast, og at det blir opp til Helse- og omsorgsdepartementet å klargjere kva som er avtalefesta. Dersom usemja handlar om strid mellom legeforeininga og staten om tolking av takstkodar, så er det meiningslaust at dette skal gå utover ein pasient. Det er uverdig og lite profesjonelt. Usemje må løysast på ein betre måte. Utgård ber no fylkeslegen om å sjå på saka, og det er det absolutt behov for. Det er behov for å klargjere takstbruken. Like viktig er det å sjå på legeetikken. Pasientar som gir uttrykk for misnøye, skal ikkje risikere å måtte bytte legekontor.