På landsplan manglar 20 prosent av lærarane i vidaregåande den nødvendige pedagogiske kompetansen for å undervise elevane. Saman med to andre fylkeskommunar toppar Møre og Romsdal denne statistikken – i vårt fylke manglar heile 25 prosent av lærarane den nødvendige formelle kompetansen.

Vi i Utdanningsforbundet synest desse tala er skremmande lesing. Årleg er det om lag 10.000 elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Det er dei som vert direkte skadelidande av at opplæringa ikkje vert gjennomført av kvalifiserte lærarar.Undersøkinga syner at mangelfull kompetanse gjeld både faglege kvalifikasjonar og pedagogisk utdanning, og vi har grunn til å tru at problemet er størst innan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Som organisasjon veit vi at det vert tilsett yrkesfaglærarar i faste stillingar som manglar både fagleg fordjuping og pedagogisk utdanning.

Forsking syner at skal ein heve kvaliteten på opplæringa og auke elevane sitt læringsutbytte, så er det læraren sin kompetanse vi må satse på. Dette gjeld både fagleg og pedagogisk kompetanse. Alle politiske parti snakkar varmt om kvalitet på opplæring, auka læringsutbytte, betre gjennomføring og lågare fråfall. Utdanningsforbundet er samd i at her er ein jobb som må gjerast. Men det nyttar ikkje å tru at dette skal bli betre dersom dei som skal stå for opplæringa ikkje har den forskriftsfesta kompetansen. Opplæringslova stiller høge krav til den som skal undervise i vidaregåande opplæring, og desse krava er innskjerpa dei siste åra. Etter dagens regelverk har fylkeskommunen som skuleeigar likevel høve til å fråvike dei dersom skulen manglar kvalifisert undervisningspersonale i faget. Det har etter Utdanningsforbundet sitt syn vore for lett å bruke retten til å fråvike desse kompetansekrava. Dette er ein farleg veg å gå. Det undergrev kvaliteten på opplæringa, og fører til at arbeidslivet ikkje får kvalifisert arbeidskraft. Politikarane på Fylkestinget er skuleeigaren når det gjeld vidaregåande opplæring. Dei har eit overordna ansvar, og må legge til rette for at dei lærarane som ikkje fyller kompetansekrava vert kvalifiserte til jobben sin. Dette må prioriterast langt høgare når dei fylkeskommunale budsjetta skal vedtakast. Dette er viktig for dei elevane som er inne i eit utdanningsløp enten mot ei akademisk karriere eller ei yrkesfagleg karriere. Men ikkje minst er dette eit samfunnsansvar. Ynskjer vi kvalitet på alle samfunnsoppgåvene, må politikarane satse på at skulen vert ein stad der vi er trygg på at elevane møter lærarar med den lovfesta kompetansen både fagleg og pedagogisk. Dette er eit politisk ansvar, og ei fornuftig investering i framtida.

BORGHILD MOE

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

GERD BOTN BRATTLI

Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal