Komande måndag er det val! Eit val som vil få stor betyding for kva retning Hareid kommune skal ta dei neste åra.

For deg som innbyggjar kan ein lett kalle dagen for eit «vegval». Eit «vegval» der ein kan seie NEI til fleire kutt i eldreomsorga, eit «vegval» der ein kan seie NEI til eigedomsskatt. Samstundes kan du òg vere med å seie JA til fleire viktige saker.

Hareid Frp seier JA til kvalitet og likeverdig opplæring i skulen. Dagens skule i kommunen gir ikkje likeverdig opplæring til elevane, og på fleire område bryt kommunen opplæringslova. Vi ynskjer ein likeverdig kvalitet i skulane. Vi har sagt vi kan gå for ei endring i skulestrukturen, men dersom strukturen skal endrast, må det ligge til grunn at kvaliteten vert auka!

Hareid Frp seier JA å auke grunnbemanninga i eldreomsorga. Dei siste 4 åra har eldreomsorga i kommunen våre offer for millionkutt. Dette er ikkje haldbart. Vi ser at dei tilsette gjer ein kjempejobb, men høyre ropa om fleire hender. Ei styrking av tjenestane må på plass seinast frå 2017.

Hareid Frp seier JA til ein aktiv næringspolitikk. Vi vil at det politiske leiinga skal spele meir på lag med næringslivet. Vi vil vere pådrivar for at kommunen får ein strategisk næringsplan, ein plan utvikla i fellesskap med næringslivet og politikarane. Ein plan som viser kva retning både næringsliv og politisk leiing ynskjer for dei neste åra.

Hareid Frp ynskjer å skape ei JA-kommune. Ei kommune som gjer det ein kan for å gi innbyggjarar og næringsliv eit positivt svar. Ei kommune der akkurat DU kan ta direkte kontakt med ordføraren, dersom du har noko på hjarte. Ei god bukommune med byggjeklare tomter i alle krinsar. Ein av dei få tinga vi seier NEI til – er at du som innbyggjar skal betale eigedomsskatt. Denne skatten kan vi klare oss utan, dersom det er politisk vilje for å fjerne han.

Kjære veljar! Bruk stemmeretten din 14. september!

Eg håper sjølvsagt du stemmer Frp. Med di stemme kan vi skape ein ny giv over Hareid kommune!

TRULS HÅBAKK

1. kandidat Hareid Frp

15.kandidat Møre og Romsdal Frp