I snart tre veker har haramsøyingane og alle hjelparane stått på ferjelemmen og blokkert for ilandkøyrande anleggsbilar. Dei har barrikadert vegen til fjells med privatbilar, blitt bøtlagde og samla troppane i protestgruppe på Facebook – over 16.000 er dei der no.

Hadde dette gått føre seg på kva som helst slags annan forblåst plass i – til dømes Ørsta kommune – kan du satse straumrekninga di på at Sp-ordførar Stein Aam hadde vore der på dagen. Ikkje utan vidare for å støtte dei i sak, men for å vise sympati med heimefolket som kjempar for si sak.

Slik er det altså ikkje på Haramsøya. Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) har på spørsmål frå mellom anna Sunnmørsposten svart at ho støtter byggestans i påvente av eventuell rettsleg avklaring, men at ho ikkje kan stille seg bak sivil ulydnad. Ut over det har det vore stilt, pikkandes stilt, frå den kanten.

Ordføraren har ikkje vore ute på øya og besøkt dei enno. I alle fall ikkje så nokon har fått det med seg. Dette må i beste fall vere skuffande for øyfolket som kjempar mot overmakta for både folkehelsa og eitt av kommunen sine flottaste landskap.

Dermed ikkje sagt at ordføraren ikkje følgjer med på det som skjer og får sine rapportar. Det er eg sikker på at ho gjer. Siv Katrin Ulla, leiar i Ålesund Ap, har til dømes vore tett på hendingane siste tida og varslar at ho vil ta lokalpolitiske initiativ i saka over helga.

Men ordføraren er ein gong ordføraren, fremste ombodsperson for innbyggjarane sine, brubyggar og konfliktdempar. Den rolla har Eva Vinje Aurdal så langt ikkje tatt.

Som det står i KS (kommunesektorens organisasjon) si handbok for ordførarar:

"Ordførerens dialog med lokalsamfunnet kan være et viktig element for å styrke interessen og forståelsen for det som skjer i lokalpolitikken. De fleste liker å bli tatt på alvor og lyttet til, selv om en ikke alltid kan få det som en ønsker."

Det er ikkje tvil om at dei har hatt det ekstremt travelt i kommuneleiinga siste tida, både med kriseleiing på grunn av Covid-19, den stygge gebyrtabben og ein kommuneøkonomi på stupande kurs mot Robek-lista. Planen har heilt sikkert vore å bruke meir tid i vinter og vår ute i kommunen for å samkøyre både tilsette og innbyggjarar. I den rådande situasjonen er det er i alle fall no på høg tid å kome seg ut på Haramsøya, nær sagt no eller aldri.

Frå min observasjonspost, som følgjer nyheitsbiletet på Sunnmøre tett, har inntrykket festa seg av ein ordførar som – tilsikta eller ikkje – er synlegare i dei meir eliteprega miljøa enn i dei kvardagsmiljøa innbyggjarane flest brukar tida si og bryr seg om. Dette er godt agn for motkrefter som vil ha heile storkommunen reversert. Som Brattvåg-patrioten Trond Skjelten seier det denne veka i Nordre:

– Dei har no blitt veldig flinke med det med berekraft og Smart-city. Men det kan hende det heller hadde vore lurt å bruke pengane på kommunen og fått den til å bli smart. Så kunne ein heller jobbe med Smart-city og dei tinga etterpå. Eg synest ting blir tatt litt i feil rekkefølge. At ein no skal seie opp fleire stillingar i skulen og så bruke pengar på dette, harmonerer ikkje. Eg skjønar at det er ulike budsjett, men ei krone er ei krone.

Eg trur nok Eva Vinje Aurdal gjer det ho gjer i beste meining. Sjølvsagt har ho kontakt med folk, både formelt og uformelt, og den tidvis stygge hetsen som rammar både henne og rådhusstaben, spesielt i sosiale medium, er både trist og grovt feilaktig. Dei er hardtarbeidande folk.

Difor kan nok også denne kritikken følast noko urettvis, men ordføraren har etter mitt syn noko å gå på i kontakten med innbyggjarane sine, spesielt i ytterradiusen frå rådhuset. Omdømebygginga så langt i nye Ålesund har i for stor grad framstått ovanfrå og ned og innanfrå og ut. Det skader ikkje å snu på dette no, og det bør vere rimeleg enkelt å bøte på slikt. Det handlar om å vere der det skjer, i møte med godtfolk som har noko å melde. Til forandring risikerer ein ikkje anna enn ein dose kjeft.

Sagt i beste meining.

I ein tidlegare versjon i denne saka stod det at Trond Skjelten er styreleiar i Nordre. Det stemmer ikkje. Han gjekk ut av styret 19. mai. Ny styreleiar i Nordre er Einar Ekroll.