Denne våren har KrF kjempa med nebb og klør for eit lovverk som byggjer på prinsippet om at alle barn har rett til både ei mor og ein far, og i utgangspunktet bør få vekse opp med dei.

Bioteknologiske spørsmål som eggdonasjon, assistert befruktning for einslege og surrogati er eksemplar på forslag som vil bryte med det. KrF er opptatt av å vareta barns beste gjennom praktisk politikk.

Ekteskapet

I partiprogrammet til KrF er det slått fast at ekteskapet er ei grunnleggande og viktig ordning i samfunnet vårt, gjennom sine djupe røter i tru og tradisjon.

Formannskapet i Haram er invitert til flaggheising av Pride-flagget på rådhusplassen i Ålesund tysdag og også ver med å sjå på at regnbogeflagget blir heist på kommunehuset i Brattvåg og i Pavljongen i Miljøgata. Eg møter som vara denne dagen.

Eg seier med frimot vennleg nei til å vere med å heise regnbogeflagget eller delta i ei parade.

Forvirrande og øydeleggande

Det er IKKJE nei til kjærleik, sunt mangfald eller toleranse, jf. norsk lov. Det er eit nei til ein forvirrande og øydeleggande kjønnsideologi utan moralsk og sosial berekraft for individ og samfunn, jf. programmet vårt.

Foreininga «Fri – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald» er hovud- eller medarrangør i Skeive dagar og Pride. Homofili er berre ein liten del av agendaen deira. I 2016 blei namnet endra frå L.L.H.

Det uttalte idealet og målet no er eit grenselaust seksuelt mangfald, i klar opposisjon til tradisjonelle normar og familieverdiar.

Ærefrykt og vyrdnad

Hovudtrekka i ideologien kan ein svært kortfatta og litt forenkla samanfatte slik:

1. Normalvariantar. Talet på kjønn, kjønnsidentitetar, kjønnsuttrykk og seksuelle orienteringar er flytande. Dei opererer med 18 normalvariantar. (I andre samanhengar opererer ein med heile 71 seksuelle variantar internasjonalt).

2. Relativisme. Etisk relativisme er opphøgd til norm. Hetero, homo, bi, poly, pan, inter og trand er eksempel på sidestilte «normalvariantar». Til dømes er polyamorøse forhold likeverdig så lenge det er frivillig.

3. Vaksenperspektiv. Fokus på vaksne sine krav og dimed applaus til oppløysing av det eg opplever som den unike mor-far-barnrelasjonen.

Etter eit liv vendt i ærefrykt og vyrdnad mot det norske flagget, kan eg berre ikkje vere med på å heise regnbogeflagget i offisielle flaggstenger. Den er til for det norske og samiske flagget.