Det er ca. 1 000 000 seniorar, dvs. personar over 60 år, i Noreg. Det er om lag 30 prosent av deltakarane i kommunevalet. Desse seniorane har alle eit langt liv bak seg, fullt av kunnskap og livserfaring – eit utruleg godt grunnlag for å delta i politikk og anna samfunnsaktivitet. Men dette er solid kompetanse som samfunnet ikkje veit å setja pris på, eller nytta seg av. På Stortinget er det berre 21 personar over 60 år og på listene til kommunevalet er det langt mellom seniorane, og dei som er der er, ofte, «listefyll»!

Kommunevalet 2015

I samband med kommunevalet utfordrar Seniorsaken dei politiske partia. Organisasjonen vil vite kva haldningar partia har når det gjeld seniorar og pensjonistar og i kva grad deira politiske program varetek denne gruppa sine interesser. På ei rekkje område har seniorane og pensjonistane blitt systematisk nedprioritert både i mange kommunar, og hjå sentrale myndigheiter. Dette har skapt urettferdigheit for denne store samfunnsgruppa. Ei samfunnsgruppe som dei fleste menneskje ein gong hamnar i! Viktige saksområde for alle seniorar er m.a. følgjande:

Helsesystemet

Mange eldre opplever at dei i sine siste leveår blir ein kasteball i eit helsesystem, der dette kan opplevast som om eldre er ein salderingspost i samfunnet. Stikkord her er manglande sjukeheimsplassar når det trengst, ufrivillig dobbeltrom og korridorplassar, for tidleg utskriving frå sjukehus utan tilfredsstillande mottak i heim, på sjukeheim, etc. Vidare mangelfull oppfølging frå helseteneste/heimehjelp når ønskje er å bu heime eller når pasient må bu i sin eigen heim. Samhandlingsreforma fungerer slett ikkje godt nok alltid. Vidare blir det hevda at 60 prosent av eldre på institusjonar er underernærte – i det som, framleis, kallast verdas rikaste land! Er det noko politisk parti som har programfesta planar om å gjera noko med «eldrehelsepolitikk» og nemnde situasjonar i sine kommunar?

Seniorbustadar

Mange bustader er ikkje egna til å bli gamal i, og nye bustader tek, stort sett, berre omsyn til unge. Vidare blir det bygd for få bustader – ikkje minst bustader tilpassa eldre. For at eldre skal kunna bu lenger i eigen bustad, er det og viktig at bustader blir oppgradert og tilpassa. Samtidig er det stor mangel på tilbod og plassar når det gjeld institusjonar, for de som treng det. Er det noko politisk parti som har planar når det gjeld seniorbustader/tilpassa bustader/plass på alders- og pleieheimar for eldre i sine kommunar?

Eldreråd

Kommunar og fylkeskommunar er m.a. pålagde å ha eldreråd. Det ser ut som kandidatar til råda, stort sett, blir rekruttert frå politiske parti. Det kan gjerne stillast spørsmål om kor interesserte og engasjerte desse er i «eldreoppgåver». Seniorsaken Vest meiner at kandidatar til eldreråda, bør vera seniorar som er opptekne av aktiv seniorpolitikk og pensjonistar sine rettar og kvardag. Det kan vere kandidatar frå aktive pensjonistlag, eldreorganisasjonar (Seniorsaken), osv. Det finst mange oppegåande pensjonistar som både har god innsikt, kompetanse og som er interesserte – bruk dei! Er det noko politisk parti som har programfesta planar når det gjeld eldrepolitikk, eldreråd og eldre sine rettar i sin kommune?

Seniorar og pensjonistar

I kampen om ressursar blir pensjonistar, utan tvil, nedprioriterte i forhold til andre samfunnsgrupper. Gjennom dei politiske partia/det politiske systemet må dette kunna endrast! Men seniorane blir oppfordra til sjølv og engasjera seg og ta ansvar. For det ser ut som om det berre er seniorane sjølve som kan endra politiske «eldreholdningar». I første omgang bør partiprogramma lesast og vurderast, og pensjonistar bør, klart, stemma på parti som dei meiner varetek seniorane si sak – parti som og evnar å gjera noko for denne store gruppa. Alle seniorar bør engasjera seg sterkare i samfunnsdebatten og, ikkje minst, delta i politiske organ for sjølv å vera med på og forma sin eigen kvardag. Og det er mange «sterke stemmer» og solide ressursar i denne samfunnsgruppa! Stemmene til 1 000 000 seniorar, bør ved val, ha langt større innverknad enn dei har i dag! Seniorsaken oppfordrar difor pensjonistar/seniorar til å utfordra dei politiske partia på sine kjernesaker og til å engasjera seg sterkare i alle former for politisk arbeid.

Tenk om seniorar/pensjonistar til stortingsvalet 2017, kunne klara å samla seg/engasjera seg i eit politisk parti som «sitt parti». Då kunne denne gruppa, med sin uoverkommelege og solide kompetanse, hatt vesentleg makt og innverknad på stortinget! Og med den politiske styringa landet både har hatt og har, hadde det, høgst sannsynleg, ikkje vore nokon bakdel å få inn fleire oppegåande, «vaksne» politikarar, med erfaring og ein kompetanse som yngre menneskje ikkje er i nærheita av!!!

KAARE MULLER

ODD HILMLE

Seniorsaken Vest