Galskap, tenkte eg, då det gjekk opp for meg kva som stod på bursdagskortet. Eg var påmeldt halvmaraton i Bergen i april 2019. Eg har aldri vore spesielt glad i å springe, og har aldri nokon gong drøymt, vurdert eller hatt lyst til å springe halvmaraton. Tvert om.

Tek du utfordringa, Hanna? spør den glade givar, Elsie. Ho er søstera til mannen min, og burde kjenne meg betre enn dette. Ho smiler oppmuntrande. Oppgåva er så håplaus at eg får lyst til å prøve. Eg som blir andpusten av å gå trappa frå første til andre etasje på jobb, skal liksom springe halvmaraton om seks månader. Ha, ha. Dette kan bli interessant.

Eg startar optimistisk. Det er oktober og eg er glad for at det er er mørkt når eg legg ut på min første joggetur frå Hatlane og innover mot Åse. Eg klarer å springe nesten 400 meter. Då hiv eg etter pusten, og må gå eit langt stykke før eg kan prøve på nytt. Lite lovande.

Eg vekslar mellom å trene på helsestudio og springe gatelangs på kveldstid, to eller tre gonger i veka. I november bruker eg over 11 minutt på å springe ein kilometer. Springe er å overdrive. Det er mykje gåing innimellom. Langsamt skjer noko underleg. Det å komme seg ut og springe blir lystprega. Eg høyrer på podkast og musikk. Eg lyttar til bøker som eg lenge har hatt lyst til å lese, medan eg pesar rundt Lerstadvatnet. Joggeturane blir fristunder.

I februar er eg ute med broddar under joggeskoa. «It hit me like a sucker punch», syng Sigrid i øyret mitt. Gode Sigrid inspirerer. Ein søndag i mars spring Elsie og eg tur-retur Hatlane–Ålesund sentrum, og vi klarer ei snittfart på 8,5 minutt per km. Det gir håp! Kanskje kan eg klare dette likevel?

Håpet er tent, men så blir eg sjuk. Ligg heime med feber og stygg hoste. Forferdeleg irriterande å ikkje kunne trene. Eg kjenner stikk av misunning når eg ser folk som joggar langs vegen. Det er ukjente kjensler.

Åtte dagar før konkurransen må eg berre teste forma. Eg kan ikkje vente lenger. Turen går innover mot Vasstranda. Eg ser sola som glitrar i Brusdalsvatnet, høyrer fuglekvitter og bølgeskvulp mot fjøresteinane. Livet er godt, uansett.

Laurdag 27. april er det folkefest i Bergen. Elsie og eg står på startstreken for halvmaraton, saman med over 4.500 andre. Eg tek det svært roleg i starten, og går oppover dei brattaste bakkane. Langs ruta står folk med flagg, heiar og ropar oppmuntrande ord. «Kom igjen, dette klarer du». Eg spring forbi Haukeland sjukehus, rundt store Lungegårdsvann og gjennom Nygårdsparken. Alt går bra, heilt til det berre er fire kilometer igjen. Kvart steg er smertefullt. «Smerte kan også gjere godt» syng eg taktfast innvendig, og prøver å overtyde meg sjølv om at dette går bra.

Eg passerer målstreken, og er i gledesrus. Sjølv om eg er mellom dei siste, jublar eg som om eg skulle ha tatt førsteplassen. Eg har vunne ein knusande siger over meg sjølv! Målet var å klare halvmaraton på fire timar, og så kom eg i mål på 2 timar og 58 minutt. Som ein liten sideeffekt har eg gått ned 10 kilo. Ikkje fordi eg har telt kaloriar, men fordi eg så gjerne ville klare løpet.

Helten i denne historia heiter Thomas Berg Tellefsen. Han begynte med boksing i 2016, og måtte springe for å komme i form. Han sprang sin første halvmaraton i Bergen i 2017. Året etter fekk han overtalt mor Elsie til å delta, og ho fullførte med glans i 2018. Så vart eg utfordra til å bli med i 2019, og då sprang vi alle tre. Thomas fullførte sitt andre heilmaraton (4,2 mil) med imponerande resultat. På spørsmål om kva springinga har gitt han, svarer han slik:

–Betre struktur på kvardagen, betre kosthald, betre døgnrytme og meir energi. Eg har gått ned 20 kg på tre år, og er blitt glad i å jogge.

I tillegg har han smitta mange rundt seg med treningsglede. Kan det bli betre?

P.S. Dei som ikkje får påmelding i gåve, kan velje mellom mange ulike løp på Sunnmøre. Laurdag 11. mai blir Ålesund Maraton arrangert.

Thomas Berg Tellefsen er helten i denne historia. Han begynte å springe for å komme i form, og utfordra mor Elsie til å springe halvmaraton, som deretter utfordra Hanna. Foto: Privat