Men samtidig er det grunn til å notere seg at vår landsdel ligg midt i grautfatet når vi ser kva næringar DnB-sjef Rune Bjerke no knyter dei størst voner til framover: sjømat og turisme – med storhavet utanfor stovedøra og verdsarven i gangavstand.

Dei vanskane vi ser no for aktiviteten på sokkelen, er truleg berre eit forvarsel om at produksjon av olje og gass ikkje kan ha den dominerande posisjonen som næringa har hatt.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skreiv i ein kronikk her i avisa rett før julefreden senka seg, at vi ikkje kan rekne med at oljenæringa skal vere motoren i norsk økonomi lenger. Hans poeng var at universiteta og høgskulane vil få ei nøkkelrolle med å bringe fram den kunnskapen og kompetansen som er nødvendig for framtidas verdiskapning.

Ingen full stopp

Men Bellona-leiar Frederic Hauge bommar kraftig når han til VG uttalar at Paris-avtalen betyr full stopp i norsk gass- og oljeproduksjon.

Det kan likevel ikkje vere tvil om at den nye klimaavtalen betyr eit sakte farvel til fossilalderen. Dette får sjølvsagt også fylgjer for norsk industri. Det er likevel uråd å seie eksakt kva konsekvensar og når det vil begynne å merkast. Men dei fossile utsleppa skal reduserast.

Olje- og energiminister Tord Lien har nok rett i at ein bør la marknaden avgjere kva omfang den norske verksemda på sokkelen skal ha. Utsleppa vert ikkje mindre av at Norge kuttar i produksjonen.

Men det står ikkje noko i avtalen om at verda skal «avkarboniserast» – altså at ein skal slutte å bruke kol, gass og olje. OPEC-landa kjempa hardt for halde dette punktet utanfor avtaleteksten og lukkast.

Gjør som flere enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

«Ambisiøs avtale»

Etter klimakonferansen vert Norge nøydd til å skjerpe klimapolitikken og statsrådane har tydelegvis fått klar beskjed om starte arbeidet. Dei ser no ut til ofte å nytte høvet til å nemne klimautfordringane og «den ambisiøse klimaavtalen»

I Paris var det folkefest og protestrop i ei absurd blanding under Eiffeltårnet den historiske laurdagskvelden i desember. Etter at den nye klimaavtalen var vedteken i den nedlagde flyhangaren i utkanten av byen, hadde delegatar og observatørar trekt innover mot sentrum og samla seg rundt landemerket.

Same morgon hadde presidenten François Hollande appellert til heile verda frå talarstolen: – Paris vart utsett for eit åtak for nokre veker sidan, og vi ber Dykk la oss igjen bli staden som forandra verda. Gi verda ein klimaavtale i dag.

Og nokre timar seinare – nesten eitt døgn på overtid – vart det klart: Forhandlarane lykkast. Avtaleteksten som utanriksminister Laurent Fabius flikka på saman med stormaktene natta i førevegen, vart akseptert av alle dei 187 deltakarlanda.

Kunne ha vore betre

Mange er misnøgde med resultatet og sjølvsagt kunne avtalen ha vore betre – mykje betre for den del. Men det var berre ikkje mogleg å få alle landa med på ei meir forpliktande tekst. Og ein FN-avtale skal det vere konsensus om.

AVTALE: Her er det originale avtaledokumentet

Men det som gjer mange til optimistar denne gongen er sjølve prosessen fram mot det ferdige klima-dokumentet. Der har det vore gjort store framsteg.

Nesten alle land i verda har no eigne klimaplanar og så seint som for eitt år sidan var det stort sett berre dei rikaste landa som hadde utarbeidd slike planar eller ein eigen politikk på området. Nokre av dei nasjonale planane inneheld store kutt i utsleppa, andre kuttar mindre medan verstingane lar vere å auke utsleppa så mykje som dei elles hadde ville ha gjort.

Under på to grader

Det viktigast elementet i den store og kompliserte avtalen er at den globale oppvarminga skal avgrensast til to grader, men at det skal jobbast for å greie 1,5 grader. Denne talfestinga var ein stor siger for dei små øystatane som ville ha forsvunne i havet med ein temperaturauke på meir enn to grader.

Den mest fungerande klimaavtalen før Paris, var Kyoto-avtalen, som berre påla nokre få i-land CO₂-kutt. Desse landa representerer berre vel ti prosent av utsleppa i verda. Paris-avtalen – derimot – omfattar nesten alle utsleppa.

Allereie på opningsdagen kunne ein ane at Paris-konferansen kom til å bli noko spesielt. 150 statsleiarar var med på opninga og dei tok turen til den franske hovudstaden for å markere at dei meiner klimaendringane er trugande.

Denne gongen var det heller ingen land som prøvde å få i gang ein diskusjon om klimaendringane er menneskeskapte, kanskje er det lov å håpe på at den diskusjonen over for alltid