Liu Xiaobos kamp for menneskerettar:

«Verdas moralske heltar treng vår støtte – aller mest når det kostar»

Liu Xiaobo døydde denne veka, utan å ha gitt opp kampen for demokrati og fridom.

HEIDRA Eit portrett av den kinesiske fredsprisvinnaren omkransa av blomar unner ein minnedemonstrasjon i Hongkong torsdag. Liu Xaiaobo døydde 61 år gamal, under strengt vakthald på sjukehus, utan høve til å kommunisere med omverda. Trass i fleire fengslingar, overvaking og undertrykking heilt sidan han i 1989 var ein av frontfigurane i studentdemonstrasjonane på Den himmelske freds plass i Beijing, lot han seg ikkje kneble av det kinesiske regimet.  Foto: AP Photo/Kin Cheung/ NTB SCANPIX

Kommentar

Kommunistpartiet styrer verdas mest folkerike land med nær uinnskrenka makt. Kina er verdas nest største økonomi, og er ei militær stormakt med eit stort atomvåpenarsenal.