Kommentar: Søppel i havet

Kampen vi skal vinne

Plast i havet kan bli eit havmonster som kan kvele kloden vår. Den utviklinga må vi stanse.

den farlege plasten: Små og store gjer ein viktig innsats ved å fjerne plasten i fjøra. Foto: Marius Simensen 

Kommentar

Dersom vi held fram som i dag, vil det vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava i 2050, ifølgje World Economic Forum. Ja, du leste rett. Meir plast enn fisk. Globale havstraumar fører plasten rundt i alle verdshav, så dette problemet må vi vere saman om å løyse. For det råkar alle.