Kommentar:

Stampar i nedrykksgjørma

Evna til å snu kampar til siger på overtid, er ein styrke. Men det bør aldri vere ein kampplan.

Uklar: Trine Skei Grande slit med å samle laget bak seg, ho slit med å gjere Venstre synleg i regjering og ho vedgår å ikkje ha vore flink nok til å plukke opp saker frå grasrota. Likevel trur ho at ho skal snu kampen og hanke inn ein siger på overtid. Foto: NTB Scanpix 

Kommentar

Fram til onsdag hadde Trine Skei Grande og Ole Gunnar Solskjær ein ting felles: Begge trengde eit mirakel. Onsdag fekk Solskjær sitt på Parc des Princes.

Grande skal slite med å få sitt. Partiet er i si alvorlegaste krise sidan partisplittinga på Røros i 1972. Målingar nede på eitt-talet er tøft sjølv for eit parti med låge ambisjonar.


Ny elendig måling for Venstre – Senterpartiet mest fram

Trine Skei Grande ville blitt Venstres eneste representant på Stortinget dersom det var valg i dag. Venstre får 2,2 prosent på en meningsmåling i TV 2.



Før stortingsvalet i 2017 var målet å klare sitt andre val på rad over sperregrensa, for første gong sidan 1972. Det gjekk stang inn, og vart feira stort.

I dag er det lite som minner om feiring når partiet er samla til landsmøte på Stjørdal. Det meste går stang ut, både for partiet og partileiaren.

Mykje tyder på at Trine Skei Grande er i ferd med å «tape garderoben», spelarane sin tillit. Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Abid Raja er alt lansert som kandidatar til å ta over.


Guri Melby åpner for å bli Venstre-leder etter Grande

Stortingsrepresentant Guri Melby (38) åpner for å ta over som Venstre-leder etter Trine Skei Grande, men understreker at hun ikke ønsker noen lederdebatt nå.



Britt Giske Andersen før Venstre-landsmøtet:

– Jeg er gjerne med på en diskusjon om hvem som skal lede partiet. Men det er det ikke tid for nå

– Jeg håper politikken kommer i fokus, sier Britt Giske Andersen. Til helga samles Venstre til landsmøtet.

 

Sjølv meiner Trine Skei Grande at ho er den rette. Og kvifor? Jau, fordi ho har vore i denne situasjonen før. Ho kan snu kampar ifølgje seg sjølv.

Utan tvil er det ein styrke. Det er ofte skilnaden på eit lag i toppen og eit i botnen av tabellen; dei gode klarer å vinne kampar også når dei har blitt liggande under. Dei har trua, dei har erfaringa og dei har evnene til å gjere det.

Spørsmålet for Venstre er om dei har alt dette. Visst har dei erfaringa, men har dei trua og har dei evnene? Og om dei har det, er det ein god plan? Bør ikkje planen vere å klatre ut av sumpen før nedrykksstriden.

Trine Skei Grande sprudla ikkje under talen til landsmøtet fredag. Den største nyheita ho slapp var kanskje den at regjeringa vil leggje fram forslag om gratis leirskule til alle.

Grande vedgjekk at situasjonen er alvorleg. Ho tok sjølvkritikk for å ikkje ha vore flink nok i kontakten med grasrota, og lova å spele betre på lag med lokale kandidatar.

Så ramsa ho opp ei liste som stort sett såg ut til å ha som mål å demonstrere at ho kan namna på alle spelarane. Sikkert kjekt for dei som ein klapp på skuldra i garderoben, men ho gav ingen overtydande kampplan. Heller ikkje lista over sigrane i regjering glitrar. Og der ligg noko av problemet.


Solberg scorer høyest på partiledermåling – Grande på bunn

Sju av ti mener at statsminister Erna Solberg (H) gjør en god jobb som partileder, ifølge en ny måling. Venstre-leder Trine Skei Grande havner på bunn.

 

Venstre-statsrådane Iselin Nybø, Ola Elvestuen og Trine Skei Grande har ikkje klart å løfte Venstre fram i lyset for veljarane. Snarare tvert imot. Etter at partiet gjekk i regjering for vel eitt år sidan har partiet nær halvert si oppslutning. Det lovar Grande å gjere noko med. Ho vil ta større plass i regjering.

Grande hadde nok gode grunnar til å servere stikk etter stikk til Senterpartiet under talen. Ho er heilt klart ingen fan av Trygve Slagsvold Vedum.

Studerer ho tabellen, vil ho derimot sjå at Senterpartiet i dag er snart seks gongar så stort som Venstre på målingane.

Vedum står ikkje for finspel, men veit kvar målet står. Venstre-landsmøtet kan godt le av Sp-vitsane til partileiaren, men får dei ikkje ein klarare plan for sitt eige spel, kan det gå mot nedrykk og trenarskifte.

Trine kan framleis snu resultatet på overtid, men då må ho få eit samla lag bak seg. Og då må ho ha ein tydelegare plan enn den ho serverte fredag.