«Då det kom ein amerikanar til Sæbø»

Når drog du sist på ferie til ein stad fordi du hadde sett den på film?

I NÆRBUTIKKEN: Så var det ikkje måte på heller. Sjølvaste Scarlett Johansson på Joker på Slettedalshjørnet. Men kor mykje betyr dette eigentleg i kroner og ører i reiselivsmarknadsføring?  Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt

Kommentar

Sæbø vert visst aldri det same. Sjølvaste Scarlett Johansson har både tatt ferje på Hjørundfjorden og vore på Joker-butikken - fleire gongar. Scener i ein ny storfilm med superstjerna i rolla som Natasha Romanoff i Black Widow-filmen frå Marvel Studios blir spelt inn i fjordbygda.