Turistsesongen er over oss, og med den all slags problem. I fjor var det avføring langs naustveggane i Lofoten og krav om turistskatt. I år er det cruiseturistane som får gjennomgå.

Ikkje før har nyordet «flyskam» sakte gått inn for landing i avisspalter og miljødebatt, så seglar «cruiseskam» inn i nærast språkhamn. Og det er ikkje berre klimautslepp striden står om. Nei, berre det at dei kjem.

«Dei går i grupper og puljar, eig heile sentrum. Lokalbefolkninga held seg til kjøpesentera og utanfor sentrum». «Ein invasjon». Nei, det er ikkje ytre høgre som stemplar innvandrarar. Slik ser Raudt sin ordførarkandidat i Stavanger ein vanleg sommardag i byen.

Miljøversting

Han fryktar at byen skal bli som Venezia eller Barcelona med sine over 30 millionar turistar i året. Krydderet i det påståtte turistkaoset serverer Dagbladet med framsidetittelen «Det norske turisthatet».

Stavanger har i år 250 cruiseanløp, og det vil vekse. Ålesund har i år vel 180 anløp, og det vil vekse. I Geiranger er det venta 225 anløp, og det vil vekse.

Klart at dette gir utfordringar. Cruiseturisme er ein miljøversting, og stort turistpress kan øydelegge for reisemåla som reisemål. Ja, kanskje skulle nokre av oss likt tomme bygater framfor eit yrande folkeliv.

Men skal vi «hate»?

Arbeidsplassar

Turistane kjem fordi vi har invitert dei. Det har vi gjort fordi det skaper arbeidsplassar og gir inntekter. Reiselivsnæringa er ei viktig næring, ikkje minst i distrikta. Ifølgje NHO er næringa si samla verdiskaping i Norge på over 72 milliardar.

Meir enn 160.000 har sitt arbeid i næringa, målt i årsverk, Nye 50.000 er venta i det neste tiåret. Reiselivsnæringa er ei arbeidsintensiv næring.

Turismen er i vekst heile verda. Folk har betre råd enn før. Velstandsveksten i mange asiatiske land, ser vi resultatet av i norske sommargater. Velstandsvekst vil vi jo ha? Nyvunnen velstand vil vi sjølvsagt nyte. Og det gjer vi. Vi reiser.

Det som før var «ei heil amerikareise», nesten på linje med månelandinga for 50 år sidan, er no berre ei reise til Amerika. Nordmenn er blant dei mest reisande folkeslag, fordi vi har god råd.

Men blir vi hata?

Press

Visst må det gjerast noko med miljøutfordringane, overturisme og urimeleg høgt press på enkeltdestinasjonar. Det betyr ikkje at vi må hindre folk i å kome. Det betyr ikkje at vi skal hindre folk i å reise.

Vi må ikkje gjere dette til eit nytt «dei og oss». Ein tur i gatene i Ålesund ein godt besøkt cruisedag, er enno ikkje noko mareritt. Tvert imot er det eit berikande folkeliv av folk som kjem hit for å oppleve, lære og bruke litt av sin velstand.

Slik også vi gjer det, når vi tek ein helgetur til Barcelona, London, New York eller Gdansk. Då er vi «dei andre».

Vennlege gjestar skal vi ynskje velkomne.

Vi skal då ikkje hate?

Tiltak

Kjem det for mange til ein stad på ein gong, må vi gjere tiltak for å spreie turismen. Skip som forureinar må erstattast med skip som er meir miljøvennlege.

Vi kan sjølvsagt aldri heilt unngå å bruke regulering av trafikken som eit verktøy, ved å setje tak på anløp eller ved å stille utsleppskrav. Kanskje må vi også i enkelte tilfelle ty til forbod. Det bør vere siste utveg.

For turismen er som ei kvar anna næring. Den gir oss nokre fordelar, og den gir oss nokre ulemper. Fordelane må vi gjere større, ulempene må vi gjere mindre. Først og fremst ved å stimulere ynskja utvikling med tilrettelegging og retta marknadsføring.

Slik skaper vi vekst i verdiskapinga, ein berekraftig vekst.

For vi skal vel ikkje hate?

Nei, då må vi heller skamme oss, turistskamme oss.