Masseturismen og vi

«Skal vi hate turistar også, no då?»

GJESTAR: Det kjem stadig fleire turistar. Dei kjem fordi vi har invitert dei gjennom intens marknadsføring og fordi stadig fleire har råd til å reise. Vi har invitert dei for at det skal gi oss inntekter, skape arbeidsplassar og slik trygge busetnad og velferden vår. Då får vi sjå til å ynskje dei velkomne, og løyse dei utfordringane vi ser på enkeltområde og enkeltstadar. Ingen tener på at vi møter turistane med stengt dør.  Foto: Staale Wattø

Kommentar

Turistsesongen er over oss, og med den all slags problem. I fjor var det avføring langs naustveggane i Lofoten og krav om turistskatt. I år er det cruiseturistane som får gjennomgå.