Han har opplevd det mest grufulle, og sett brør slakte kvarandre. Likevel meiner han nøkkelen til fred er tilgiving. Ved inngangen til eit nytt tiår, som vi håper skal bli fredeleg, kan vi ha noko å lære.

Det var høgtideleg i Oslo Rådhus då statsministeren i Etiopia, Abiy Ahmed, fekk tildelt Nobels fredspris 10. desember. I takketalen gjentok han fleire gonger at vegen til fred går gjennom kjærleik, tilgiving og forsoning. Eg lytta til talen hans, og tenkte at orda minte meg om Ragnar Ulstein, krigshelten som skulle gravleggast nokre dagar seinare. To tidlegare soldatar frå kvart sitt kontinent, som har opplevd vondskap på nært hald, og som bytta ut hemn med tilgiving.

Som ung soldat i den etiopiske hæren var Abiy Ahmed augevitne til krigen mot Eritrea. Han fortalde mellom anna om den gongen han forlèt skyttargrava ei kort stund, og kom tilbake og oppdaga at alle lagkameratane var utsletta. Krig er helvete på jord, sa han.

Likeverd

Fred er noko som blir skapt i fellesskap med andre. Likevel valde Nobelkomiteen å gi fredsprisen til Abiy Ahmed åleine, fordi dei meiner han personleg har gjort ein ekstraordinær innsats. Ahmed har også sett i verk fleire viktige reformer i den tida han har vore statsminister. Han har oppheva unntakstilstanden i landet, gitt amnesti til fleire tusen politiske fangar, avvikla pressesensuren, og sørga for å gi kvinner auka innverknad i etiopisk politikk og samfunnsliv. Han er opptatt av likeverd for alle menneske, uavhengig av rase, nasjonalitet og kjønn. Mange har fått nytt håp om ei god framtid, men Etiopia har framleis store utfordringar og freden er skjør.

Abiy Ahmeds fredsvisjon er knytt til «Medemer-filosofien» som handlar om felles innsats for felles framtid. Med ein far som er muslim og mor som er ortodoks kristen, er han overtydd om at folk med ulike religionar kan leve fredeleg saman. Sjølv er han pinsevenn, og han samanliknar det å skape fred med å plante og dyrke eit tre. På same måte som treet treng vatn og god jord for å vekse, treng freden næring. Ahmeds oppskrift på fred er kjærleik, tilgiving, forsoning og inkludering.

Ikkje akseptere urett

Ragnar Ulstein var ein høgt dekorert krigshelt som gjennomførte fleire store sabotasjeaksjonar under krigen. I boka «Lagunen og Stormen» fortel han om eit møte med hirdsjefen etter krigen. Ulstein var full av sinne og hemnlyst, men då han såg inn i ansiktet til mannen i fangeleiren," eit ansikt som var utan von, og utan framtid, oppløyst og fortapt", klarte han ikkje å seie eit ord. Han kjente berre medkjensle og sorg. Han skriv at han «snudde om og gjekk ut, ut av krigen». Seinare var Ulstein oppteken av å understreke verdien av tilgiving og forsoning. Tilgiving handlar ikkje om å akseptere urett, men å sette seg sjølv fri frå bitterheit og hat.

Ordet tilgi er vanlegvis knytt til eit religiøst språk, men ordet er i ferd med å få større akademisk interesse. Det er forska på verknadane av å tilgi, som viser seg å ha både fysiske og psykiske helseeffektar. At tilgiving også har revolusjonerande kraft, er Sør-Afrika eit bevis på.

Fredeleg revolusjon

Tidlegare fredsprisvinnar Desmond M. Tutu, skriv dette i boka «Tilgivelse, Fire steg mot fred med deg selv og fred i verden»: «Jeg har ofte sagt at Sør-Afrika ikke ville hatt noen fremtid uten tilgivelse. Vårt raseri og ønske om hevn hadde ødelagt oss. Det gjelder like mye på det individuelle plan som på det globale».

Sør-Afrika hadde lovfesta rasisme, diskriminering og undertrykking heilt fram til det første demokratiske valet vart gjennomført i 1994. Det var få som trudde at det forferdelege apartheid-regimet kunne avviklast utan blodbad. Desmond M. Tutu, som leia Sannheits- og forsoningskommisjonen i landet, skildrar prosessen som førte fram til at folk kunne tilgi personar som hadde torturert deira næraste. Han legg vekt på at tilgiving er noko vi gjer for vår eiga skuld, ikkje for andre. Å tilgi er såleis ei egoistisk handling, i positiv forstand.

Fredsprisvinnar Abiy Ahmed utfordrar alle til å vere med på å skape fred i verda. Han meiner at kunsten å skape fred er ein evigvarande prosess som går ut på å endre innstillinga vår til andre menneske, både i familien, nabolaget og lokalsamfunnet.

«Før vi kan hauste fruktene av fred, må vi så frø av kjærleik, tilgiving og forsoning i hjarte og sinn hos våre medmenneske», sa han.

Så enkelt, og likevel så vanskeleg.

Ragnar Ulstein var oppteken av å understreke verdien av tilgiving og forsoning. Foto: Roger Engvik