Kommentar:

«No må ferjedebatten inn på rett kurs»

Staten og fylket er «partners in crime». Krangelen om skuld er ein debatt fullstendig ute av kurs.

I storm: Det er storm på kysten frå sør til nord, og det med god grunn. Medan stat og fylke kranglar om kven som skal betale for grøn omstilling og eit forsvarleg ferjetilbod, er rekninga for autopass og elektriske ferjer sendt til folk flest. Arkivfoto: André Pedersen 

Det er lov å vere forbanna når du er invitert på restaurant, og dei som inviterte stikk frå rekninga og gir deg ansvaret for å ta den.

Kommentar

Ingen som er avhengige av ferjer i det daglege, har nytte av krangelen om kven som har skulda for svindyre ferjereiser.