I dag er det eitt år sidan Kina stengde ned Wuhan, koronapandemiens mørke kjelde. Nær 12 millionar vart isolerte frå verda og frå kvarandre i ei brutal 76 dagar lang nedstenging.

Berre to veker før var det slått endeleg fast at ein ny type koronavirus herja.

I den grad vi brydde oss, var det med å riste på hovudet av det totalitære regimet sin smittekamp. Gjensveising av dører for å halde folk i heimen var norsk TV-underhaldning.

I TV-stua la vi heilt andre planar for det første året av «dei glade 20-åra». For nokre var skiferien i Alpane det første lyspunktet i kalenderen.

For lite for seint!

Det skulle enno gå heile sju veker til epidemien vaks seg til ein pandemi. Erna Solberg innførte dei mest inngripande tiltaka i fredstid.

Gater og kjøpesenter var folketomme. Butikkar, tannlegar, skular og treningssenter stengde dørene, og endå ropte vi på meir.

For seint og for lite!

Og vi fekk eit nytt ord:

Søringkarantene

«Vi har ingen smitta i vår kommune, men vi vil ikkje ha nokon heller»

Omtrent slik uttalte forsvararar av lokale smittegrenser seg.

Et lappeteppe av karantenereglar stengde for ferdsel mellom landsdelar og nabokommunar. Ikkje berre i Nord-Norge. Også Ålesund og andre kommunar i Møre og Romsdal hengde seg på.

Og vi fekk hytteforbod.

Fortvilte ordførarar i store hyttekommunar som Hol, Vinje og Ringsaker, utan hell hadde forsøkt å hindre byfolket i å bruke hyttene sine.

Over 2 millionar døde

Eitt år er gått.

Verda nærmar seg raskt 100 millionar smittetilfelle totalt, og vi har for lengst passert to millionar døde.

Nye smittebølgjer og -utbrot har skylt innover land saman nye bølgjer av smitteverntiltak. «Karantenehotell» og «maskepåbod» har tatt plass i ordlista.

Regjeringa greier ut portforbod. Eit heilt utenkjeleg tiltak i fredstid for dei fleste av oss. I Nederland vart det realitet fredag. Fleire andre land har tatt det i bruk for lengst.

Ropar på øl

Likevel er det noko heilt anna enn smittefrykta frå våren 2020 som pregar debatten.

Bylivet i Wuhan er tilbake i noko nær det normale. Slik vil vi også ha det, sjølv om det er meir smitte i samfunnet no enn i mars og sjølv om nye, meir smittsame virusmutasjonar har stilt på startstreken i kappløp med massevaksinasjonen.

«Vi har ingen smitte i vår kommune. Vi må få gå på bar»

Det er ropet frå kommunar med lågt smittetrykk i dag.

Kontrasten til ropet om søringkarantene og hytteforbod er enorm, særleg sett i lys av kunnskapen om at den britiske virusvarianten no tar liv i Norge. Etter utbrotet i Nordre Follo kommenterte helsedirektør Bjørn Guldvog det slik:

«Det har et potensial til å drive frem en tredje smittebølge med voldsom kraft»

Ordførarar i kommunar med lågt smittetrykk er ikkje åleine om å krevje unntak for seg og sitt. Lysta til å tilfredsstille øltørste nordmenn er stor også på Stortinget.

No har dei folkevalde der også tatt rolla som smittevernekspertar, plukkar skjenkestoppen ut av tiltakslista – og forlanger at helseministeren ikkje erstattar det med andre innstrammingar.

Vaksinering tar tid

Det skjer i same stund som leiaren for det fremste smittevernorganet i USA, Anthony Fauci, pustar letta ut over vitskapen igjen har fått plass ved bordet i ein smittevernkamp som har vore sterkt politisert.

Sidan kinesiske styresmakter stengde ned Wuhan er ein viktig ting endra.

Vi har fått vaksinar.

Så langt er 56 millionar i verda vaksinerte. I Norge har talet bikka 65.000.

Tal frå fleire land, inkludert Norge, tyder også på at fleire er villige til å ta vaksine no enn for eitt år sidan.

Det er altså lysning i sikte, men det er langt til mål.

Både i Norge og i mange andre land i den rike del av verda er kritikken om at det går for treigt sterk og aukande.

Avgrensa produksjonskapasitet, logistikk-utfordringar og ulike nasjonale strategiar er nokre av forklaringane på at det tar tid.

Ringer for siste runde

EU-kommisjonen bad denne veka sine 28 medlemsland om å trappe opp tempoet, slik at 70 prosent av dei knapt 450 millionar EU-borgarane kan vere vaksinerte innan slutten av sommaren.

Det er eit langt stykke dit. Også for Norge, som ligg på botnen i Norden.

Likevel kjem vi stadig nærare mål. Med vaksinestarten for tre veker sidan for siste runde.

For Norge sin del er rundetidene framleis gode, målt i smittetal og covid-dødsfall.

Men alle som har følgt ein 10.000-meter på skøyter, veit at alt kan gå gale med eit feilskjer i siste sving.

Med vaksinen i eine handa blir det for dumt blir det for dumt å tryne no, berre fordi vi vil ha ei øl i den andre.