Med målingar på under 7 prosent, valde Siv Jensen og Sylvi Listhaug å bruke reine ord i eit intervju med VG nyleg:

«Ræva dårlig».

Ikkje noko forsøk på å snakke seg vekk.

Svir for Sve

Sjølv om tala ser litt betre ut for listetopp Sylvi Listhaug i heimfylket, er det dramatisk nok. Frp får juling på den ferske fylkesmålinga. Nær fem prosentpoeng tilbake på eit halvår der fylkesleiar Frank Sve har vore høgt og lågt med ferjeopprør og aksekamp, må svi.

Eitt fattig mandat er alt målinga gir. Sve kan bli utan stortingsplass. Ikkje nok med det, Høgre er nærare til å kapre Ap sitt andremandat, og gi tredjekandidat Monica Molvær plass på Tinget. Det er knapt til å fatte og begripe, sjølv ikkje for Sve.

Ved førre val måtte han vike for nettopp Sylvi Listhaug. Ho og Jon Georg Dale tok listetoppen etter Harald Tom Nesvik, sjølv om Sve meinte at det var hans tur.

Svakast på 25 år

Med 13,6 prosent oppslutning og eitt fattig mandat ville Frp ha gjort sitt dårlegaste val sidan 1993.

Kampen står ikkje berre mot Høgre. Senterpartiet har også los på Ap sitt andremandat, og kan få inn Jenny Klinge, Geir Inge Lien og Per Ivar Lied.

Det er ikkje berre «ræva dårlig» for Frp. Det er katastrofe.

Men det er ikkje berre Frp si oppslutning som stinkar.

Historisk svakt

Både KrF, Venstre og Arbeidarpartiet blir målt dårlegare enn alt dei har gjort i stortingsval etter krigen.

I KrF har listetoppen gitt plass på Stortinget like sikkert som amen i kyrkja sidan 1945, Toppen var i 1949 med 27,2 prosent. Fram til 2017 var 7,8 frå 1977 dårlegaste notering. No lyser blodraude 3,8 prosent frå tabellen.

Giske-ordførar Harry Valderhaug kan bli den første KrF-toppen frå fylket på 75 år som ikkje får stortingshybel. Akkurat no er han milevis unna.

I Venstre er dei vane med å ha det vondt, men det må likevel svi hardt å vere grusa av Demokratane og Industri- og næringspartiet. Berre 1,5 prosent! Og det med tre profilerte statsrådar i regjering.

På Nordmøre blir partiet målt til null.

Ikkje ein gong partisplittinga på Røros i 1972 var like blodig.

Tett kappløp

Arbeidarpartiet kan feire to mandat i målinga. Men det må vere ei feiring med både bismak og litt frynsete nervar.

Andremandatet heng i ein syltynn tråd, og kan bli nappa både av Høgre, Senterpartiet og Frp. 16,7 prosent er dramatisk svakt.

Forslaget om halverte ferjeprisar og fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen og Frank Sve sine frontalangrep på kvarandre, ser ikkje ut til å ha betalt seg for nokon av dei – så langt.

Aldri nokon gong etter krigen har Arbeidarpartiet hatt så dårlege valresultat i fylket. 19,5 frå 2001 er absolutt botnnivå så langt. Det var Jens Stoltenberg sitt katastrofeval.

Knockout av virus

Forklaringane på veljarflukta frå KrF, Venstre, Frp og Ap er mange. Lokale listetoppar og kampsaker er ikkje den viktigaste forklaringa, det er nasjonale trendar og saker som slår tungt inn.

Pandemien er av dei tyngste. Koronaviruset har slått knockout på den normale politiske debatten.

Høgre tar poeng for kriseleiing, og går mot sitt tredje brakval på rad – tett på Willoch-resultatet frå 1981.

Ein plass i regjeringa er likevel ikkje magisk. Like lite som Frp har vunne på sin regjerings-exit, har KrF og Venstre vunne på å bli.

Svaret er Erna Solberg.

Den skuggen er det vanskeleg å kome fri frå.

Sp har fanga stemninga

Taparane i målinga må likevel leite etter fleire svar.

Senterpartiet har stått i same skuggen. Likevel har veljarane strøyma på. 24 prosent er betre enn alle stortingsval etter 1945.

Partiet har fanga stemninga i folket.

Andre har lytta dårleg.

Ræva dårleg.