Kommentar:

«Direkte opprykk for Sylvi»

Siv Jensen har gjort arverekkefølgja klar. Ingenting kan no hindre Sylvi Listhaug sin veg til toppen av Frp.

Parademarsj: Frp-nestleiar Sylvi Listhaug har berre parademarsjen att mot partitoppen etter at Siv Jensen peika på henne som arvtakar.  Foto: Berit Roald

Kommentar

Siv Jensen si kunngjering om at ho går av som partileiar kom overraskande. I 15 år har ho hatt ein urokkeleg posisjon som partileiar.