«Kjenner du på eit kvart?»

Frykta for korona kan føre til at fleire døyr. Ikkje av korona, men av kreft dei ikkje oppdagar i tide.

Ingen bør nøle med å gå til legen om dei har symptom dei er usikre på. Det kan vere kreft.   Foto: Sara Johannessen Meek/Scanpix

Kommentar

Mange av oss har historier i slekt og omgangskrets om folk som ikkje gjekk til legen før dei berre måtte, og difor miste livskvalitet og mange leveår fordi diagnosen - oftast kreft - ikkje blei stilt før det var for seint. Det er ikkje noko nytt.