Nye og meir aggressive mutantar har tatt plass i ringen. Det er på tide å appellere meir til sjølvet i oss alle når vi skal slå ned det som forhåpentlegvis er siste smittebølge. Faktum er at vi også bør unngå å få korona av den enkle grunn at sjukdommen kan vere beint fram kjip å få – heilt uavhengig av alder og fysisk form. Det fekk eg, og ikkje minst kjærasten min som eg smitta, erfare.

Som journalist har eg vore med å krevje openheit frå både private bedrifter og offentleg sektor gjennom pandemien. Ofte har tilstrekkeleg informasjon om smittesituasjonen blitt gitt ut uoppfordra og smertefritt. Andre gonger har vi måtta mase og argumentere med fellesskapets rettmessige krav på informasjon. Å innrømme smitteutbrot er ikkje kjekt, og i enkelte situasjonar kan for eksempel ein dagleg leiar vere redd for å avsløre helsedetaljar om tilsette.

Plutseleg sat Sunnmørsposten på andre sida av bordet og måtte sjølv balansere desse omsyna. Løysinga vart ei nyheitsmelding der ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg opplyste om at to tilsette i redaksjonen var smitta, utan å oppgi namn. Ein av desse to var meg.

«Alle nærkontaktar er blitt varsla og sett i karantene. Den første hadde vore restaurantgjest på Toldboden, og fekk prøvesvar fredag kveld. Det andre tilfellet vart avdekka etter koronatesting av kollegaer til den smitta», uttalte ho.

Korleis eg vart smitta får vi aldri slått fast sikkert. Eg var ikkje på Toldboden. Smittesporingsteamet i kommunen har jobba hardt og godt, men dei ville ikkje fortelje meg kva dei meinte var sannsynleg smitteveg. Det handlar nok både om kapasitet og om personvern.

Å vere isolert gir litt for god tid til å tenke og kjenne etter. Følelsen av å i praksis vere i husarrest og risikere 20.000 kroner i bot om eg gjekk ut av huset var ekkel, nesten skamfull. Viktigare var erkjennelsen av at ein del oppfatningar om koronaviruset i beste fall må nyanserast.

Er covid-19 som ein lett influensa dersom du elles er frisk og rask? Vel, eg er 27 år og stort sett frisk som ein fisk. Då eg fekk korona, var det plutseleg som om min indre drivstofftank var redusert til eit bitte lite batteri. Omtrent ingenting skulle til, før eg måtte sette meg ned og lade på nytt. Viruset viste seg å trivst godt i halsen min, deretter i bihulane.

Verst råka vart kjærasten. Ho hadde feber og kraftig hodeverk på dag to og tre, og spydde natt til sin åttande dag i isolasjon.

Sjølv om vi begge følte oss slappe, var vi glade for at lukte- og smakssansen iallfall var intakt. Så forsvann likevel luktesansen min på dag sju. Kor mange hadde eg smitta om eg hadde venta heilt til då med å få tatt test, og levd som før?

«Eg kan både smake og lukte, derfor ventar eg med å teste meg», har vorte ei utbreidd haldning. Det vert som å seie at ein kan legge igjen sendar/mottakaren i bilen når ein skal ut i skredutsett skiterreng, fordi snøen verkar trygg på parkeringsplassen.

Mine erfaringar med viruset er at det bit seg fast i kroppen og gjer sitt beste for å sette verten sin på sidelinja. At det skal svært lite til før ein vert smitta. Og at ein bør teste seg ved den minste mistanke.

Vaksine kan gi oss eit effektivt skjold, men det er aldri lurt å satse alt på eit kort. Nye mutasjonar, ja til og med nye virus, kan dukke opp når som helst. Vi må framleis og for alltid vere medvitne menneske – ikkje minst for vår egen del.