Høgre opna landsmøtet sitt fredag. Eit landsmøte på det jamne, utan dei store stridssakene og full samling bak partileiaren, men likevel med motvind på meiningsmålingane.

Solberg innleia talen med å fri til « dei uvanlege», og friste med retten til individuell fridom og til å vere annleis.

Ho treng stemmene frå både desse og «dei vanlege» i valet om knappe fire månader.

På tampen?

Akkurat no ser det nemleg ut til at Solberg har halde sin siste landsmøtetale som statsminister.

Det er lenge sidan dei fire partia på borgarleg side har hatt fleirtal på målingane. Jonas Gahr Støre har allereie eit tak i nøkkelen til statsministerkontoret.

Blokka på borgarleg side må løfte seg mange hakk om Solberg skal riste den frå han.

Slått av Willoch og seg sjølv

Manglande oppslutning om Høgre er likevel ikkje Erna Solberg sitt største problem. Ser vi bort frå då Kåre Willoch surfa inn til regjeringsmakt på ei skummande Høgre-bølgje, kan ho gjere eitt av dei beste vala for Høgre i etterkrigstida – berre slått av seg sjølv.

Heller ikkje KrF og Venstre sine problem treng knuse Solberg sin draum om ein tredje periode.

Samla ligg dei tre regjeringspartia nær likt med oppslutninga dei hadde til saman i mai 2017.

Arbeidarpartiet er heller ikkje heilt i slag.

Kamp om og mellom Frp og Sp

Erna Solberg sitt store problem er Sylvi Listhaug (Frp) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp), kvar på sitt vis.

Eit Frp som framleis slit med å halde seg over 10 prosentpoeng på målingane og eit Senterparti som har vore oppe og lukta på det dobbelte er det som kan blokkere døra til regjeringskontora til slutt.

Men her ligg også det som kan gi Solberg nøkkelen til døra.

For veljarar vandrar mellom Frp og Sp. Ein viktig ingrediens i Trygve Slagsvold Vedum si vinnaroppskrift har vore å hente veljarar frå Ap og Frp.

Sylvi Listhaug sitt store prosjekt no er å gjenreise Frp. Skal ho klare det, må første bod vere å tette lekkasjen til Senterpartiet – og få tapte veljarar tilbake.

2017-valkampen gir håp

Når Erna Solberg syner til situasjonen før 2017-valet for å vise at det framleis er håp, er dette ei av brikkene i bildet ho ser.

Ho ser også at det kan skje store endringar på fire månader.

Samla stupte Ap og Sp heile 6,4 prosentpoeng frå mai til september i 2017.

Ap gjekk inn i den valkampen med «lovnad» om skatteskjerping, samstundes som kampen mot arbeidsløysa glapp som kampsak med stigande sysselsetting. Ei ikkje heilt heldig hand med eigne private investeringar og formuesforvaltning gjorde heller ikkje valkampen lettare.

Støre måtte notere det svakaste stortingsvalet partiet hadde gjort i opposisjon sidan mellomkrigstida. Berre Stoltenberg sitt katastrofeval frå 2001 var verre.

Treng flaks, marginar…

Samstundes trossa både KrF og Venstre tyngdekrafta og sperregrensa og løfta Erna Solberg sin regjeringsdraum vidare inn i sin andre periode.

Så gjekk Venstre inn regjeringsdøra og seinare KrF, noko som saman med «grå» kompromiss, konfliktar og saka med IS-mora som vart henta tilbake til Norge fekk Siv Jensen og Sylvi Listhaug til å slamre med døra og gå ut.

Skal Erna klare kneiken også denne gongen, må ho heilt klart ha meir flaks og marginane meir på si side enn i 2017. Motbakken er brattare.

… og eit Frp-mirakel

Både Venstre og KrF må klare å berge seg over sperregrensa. Sjølv om dei klarte det frå om lag same utgangspunkt for fire år sidan, vil det vere eit aldri så lite mirakel.

Så må Sylvi Listhaug ha braksuksess, fire år før 2025-valet ho har som mål, og helst gjenta resultatet frå 2017.

Det skal godt gjerast.

Så må ho støtte ei regjering med eit KrF og Venstre som ho tidlegare har rast imot.

«Hvis Høyre får fortsette i regjering etter valget…», sa Erna Solberg i talen sin fredag.

Solberg sitt største «hvis» akkurat no er Frp.