Kommentar:

«Blodtapet er for stort for Høgre»

Den lengste motbakken: Høgretrioen Monica Molvær, Helge Orten, og Vetle Wang Soleim har hatt den lengste motbakken av alle i denne valkampen.  Foto: Julie Killingberg

Kommentar

Høgre har blødd lenge, både i Møre og Romsdal og nasjonalt. Det er Høgre sitt største problem fem dagar før valet. No er det ikkje lenger nok å stoppe blødinga.

Det tar meir tid å snu ein tung, negativ trend enn å sløkkje ein liten brann.

Slik blir Mørebenken

Når stemmene blir talde opp mandag kveld, tyder derfor alt no på at Mørebenken blir slik:

  • Per Vidar Kjølmoen og Åse Kristin Ask Bakke (Ap)
  • Jenny Klinge og Geir Inge Lien (Sp)
  • Sylvi Listhaug og Frank Sve (Frp)
  • Helge Orten (H)
  • eitt utjamningsmandat.

Vinnaren målt mot 2017-valet blir altså Senterpartiet. Senterpartiet går mindre tilbake i Møre og Romsdal enn nasjonalt, og er i ferd med å gjere sitt beste val sidan 1993.

Det var sist gong partiet hadde to på Stortinget frå Møre og Romsdal.

At partiet har falle frå målingar godt oppe på 20-talet tidlegare i år, rokkar ikkje ved det. Fallet gir seg heller ikkje utslag i tap av mandat.

Taparen blir Høgre som går frå tre til eitt mandat.

Sterk lojalitet for KrF

Beste formkurven er det likevel Frp som står for – og KrF.

KrF-veljarane sluttar opp om eit parti i krise. Ingen andre parti i fylket har ein så sterk lojalitet frå tidlegare veljarar.

Dei ser ut til å leggje andre saker og preferansar til side, og ser dette som det skjebnevalet det er.

Framleis er likevel toppkandidat Harry Valderhaug heilt avhengig av både flaks og at KrF-veljarar i heile landet tenkjer det same.

Sjølv om KrF skulle gjere eit betre val enn sist i Møre og Romsdal, er det sperregrensa sin magi som avgjer.

Frp i tet

I heile år har Frp og partiet sin andrekandidat, Frank Sve, kome stadig tettare på hovudfeltet. I denne målinga rykker han forbi, og inntar tetplassen. Ein langvarig kamp i det som har vorte dei lokale hovudsakene i valkampen, kampen mot Møreaksen og bompengar, har gitt resultat.

I tillegg ser partiet ut til endeleg å ha klart å hente ut ein viss Sylvi-effekt. Partiet er i framgang på nasjonale målingar, og gjorde eit brakval i skulevalet denne veka.

Å vere omgitt av positive nyheiter og breie glis er gull verdt i innspurten av ein valkamp.

Då betyr det mindre at dagens måling ville gitt det svakaste valresultatet sidan 2001.

Høgre heng i myra

For Høgre er det stikk motsett.

Nesten alt partiet tar i blir gråstein. Inga enkeltsak har klart å glitre.

Og målingane både lokalt og nasjonalt heng som eit stadig tyngre blylodd på Erna Solberg.

Slike blylodd er vonde å ha på beina når ein har gått seg fast i ei myr av dårlege nyheiter og dårleg stemning.

Inga enkeltsak kan snu dette. Ikkje ein gong ein raud-grøn tabbe.

Blodtapet over tid er for stort.

Kreftene er borte. Tida er ute.