Sjå ut av vindauget i retning sør ein fineversdag og syng: «Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik , med fagre fjell og fjord og tronge vik.»

Sjå så i retning nord og syng: « Æ e trønder Æ - å hærre Gud kor tøff æ e».

Kva føler du då?

Hjartet

For hjartet er det enkelt.

Det er ikkje tvil om kvar vi høyrer heime. Kulturelt, kjenslemessig og historisk. Hjartet vårt tilhøyrer Vestlandet, sjølv om det er Helseregion Midt-Norge som skal berge kroppen dersom det streikar.

I realiteten har vi blitt tvinga til å bli trønderar allereie. Sjukehusa, Mattilsynet, Statens vegvesen og Skatteetaten er berre nokre døme på etatar der Møre og Romsdal er slått saman med Trønderfylka. Ifølge lokalpolitikar og kommune-professor Jørgen Amdam er fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal «Ei av dei mest fundamentale grensene mellom statlege etatar i Norge». Og på møtet om samarbeid Nordfjord og Sunnmøre i Volda torsdag la han til. «Det er dette vi har å slost mot.»

Nytt kart

Norgeskartet skal teiknast på nytt. Lokalpolitikarane har lenge kjempa med kommunereforma. No kjem regionreforma også, der 19 fylkeskommunar skal bli til ti regionar.

Nordmøringane har alt vald side ser det ut til, og dei kan nesten ikkje vente med å sleppe fri frå romsdalingar og sunnmøringar. Så spørst om dei blir kvitt romsdalingane, sidan også mange av dei ser nordover. Det er trass alt berre 3–4 timar i bil frå Molde til Trondheim.

Kva så med Sunnmøre? Svaret er opplagt for grensekommunane, noko arbeidet med kommunereforma har synleggjort. Både Volda og Vanylven har sett sørover og skrive intensjonsavtalar med nabokommunar i Nordfjord.

På denne måten er den markante fylkesgrensa utfordra. Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel frå regjeringspartiet Høgre formulerte det slik på møtet i Volda. «Ei regiongrense vil ikkje gå gjennom ein kommune. Så den beste medisinen mot at regiongrensa går der fylkesgrensa går i dag er kommunesamanslåing over fylkesgrensa.»

Pliktløp

Eg har følgt forhandlingane om kommunesamanslåing på ytre Sunnmøre, mellom Ørsta og Volda og mellom Volda, Hornindal og Stryn. Dei to førstnemnde har vore prega av å vere eit pliktløp, til dels med svært motvillige partar. Fråværet av entusiasme er slåande, og visjonane er så godt som fråverande.

Då er det noko heilt anna med outsideren i feltet: Stryn-Volda kommune. Arbeidarpartipolitikar og professor i samfunnsplanlegging, Jørgen Amdam har funne tonen med høgreordførarane i Stryn og Hornindal. Dei tre ordførarane har blitt ei hard kjerne i eit gryande initiativ for å få Sunnmøre inn i ein framtidig Vestlandsregion.

Samstundes seglar Stryn-Volda kommune opp som eit reelt alternativ til Volda-Ørsta, både fordi ørstingane med Sp-ordførar Stein Aam i spissen er skeptiske til samanslåing med Volda, og fordi stadig fleire voldingar ser ut til å meine at Ørsta har fått for mykje i forhandlingane.

Fjord kommune

Helst vil Stryn, Volda og Hornindal ha med seg Ørsta og Stranda også. Kommunen ville blitt ei stormakt innan reiseliv, og kunne med rette kalle seg Fjord kommune. Dette kommunenamnet, som har internasjonalt klang, er framleis ledig – merkeleg nok.

Før Volda, Stryn og Hornindal byrja å snakke saman møtte dei kommunalministeren, som forsikra dei om at fylkesgrensa ikkje skulle vere noko hinder for kommunesamanslåing. Men etter kvart har det vist seg at det er problem likevel. Både Helse Vest og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har kome med innspel som minner om snubletrådar.

På møtet om samarbeid mellom Nordfjord og Sunnmøre sette fleire ord på dette: Sentrale politikarar seier ja samanslåing av kommunar og regionar, men sentrale byråkratar arbeider i mot. For dersom det vert sterkare kommunar og regionar fører det forhåpentlegvis til at oppgåver (makt) vert flytta vekk frå sentrum. Og det er ein trussel mot departement og direktorat i hovudstaden, og etatar i fylkeshovudstadane.

Samla

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik.

For oss fjordafolk på søre Sunnmøre er det ikkje tvil om kvar vi høyrer heime.

Men kva med dei på nordre Sunnmøre? Og ikkje minst: Kva med ålesundarane, som nyleg, heilt frivillig, slo saman høgskulen sin med Universitetet i Trondheim.

Ålesundarane kjenner seg nok som vestlendingar dei også, men dei mange åra med tvangsinnmelding i Trøndelag har sett sine spor. Hjartet seier Vestlandet, men kalde realitetar peikar mot Midt-Norge.

Dersom Sunnmøre skal bli ein del av ein ny Vestlandsregion, må Ålesund vere med. Eller så vert vi på Søre Sunnmøre ein lettvektar i utkanten. Om ikkje Møre og Romsdal klarer å stå samla, så bør i alle fall Sunnmøre gjere det.