Der vart 270 kommunar redusert til 98. I ettertid ser ein at robust er synonymt med svekka, avfolka og sentralisert. Sentralisering betyr flytting av makt, flytting av innverknad og flytting av aktivitet. Når aktivitet vert flytta, flyttar og dei som er sysselsette med aktiviteten. Det fører til at skular vert lagde ned, butikkar vert stengde, bussar sluttar å gå og at bygda sloknar.

Snikande kraft

Sentraliseringa er ikkje som ein brann som utslettar alt på ein augneblink. Sentraliseringa kjem snikande som ein slange som klemmer hardare og hardare til. Til slutt er lufta gått ut av sjølv dei mest hardnakka bygdeentusiastane. Det var slik det begynte i Sverige. Det skjedde ikkje over natta der heller. Men tida fekk arbeide.

Sentralistane i Stockholm held oppe trykket og til slutt måtte bygdefolket flytte til byen. Målet var nådd. Sentralistane hadde fått det som dei ville. Glesbygdene var eit faktum. Sverige hadde fått ei merkevare med negativt forteikn! På den svenske landsbygda blir ein møtt av forfall og attgroing. Grender som før var levande lokalsamfunn er mørklagde spøkelsesbyar. Er det slik vi vil ha det i Noreg og? Men visste du at det er det regjeringa vår vil?

Flytt til byen!

Leiar av regjeringa sin ekspertkommisjon på kommunereform, professor Signy Irene Vabo, etterlet ingen tvil om kva som er regjeringa sin vilje i denne saka.

Då ho presenterte rapporten til kommisjonen uttalte ho følgjande: «Det er best for folk å bu urbant!»

Eg, og 3–400 sjokkerte tilhøyrarar i salen, trudde knapt våre eigne øyre. Ikkje fordi det var usant det som blei sagt, men fordi det heller ikkje var sant! Sjølv ei regjering kan ikkje bestemme kva som er best for eit heilt folk. For nokon er byen bra men ikkje for alle. Men her var det tatt ei sjefsavgjerd.

Marsjordren var ikkje til å ta feil av: Flytt til byen og bli lykkeleg! Alle vi som trudde det gode liv fanst både i bygd og by hadde tatt feil!

Folket svarte

Når regjeringa snakkar om ei velferdsreform så meiner ein altså urbanisering. Og dette til trass for at forsking og statistikk viser at folk i distrikta er meir tilfredse med tenestene frå kommunen enn folk i byane. Møtet med «eksperten» på Gardermoen den 4. februar 2015 gjorde noko med meg. Ein flamme vart tent.

Kunne det verkeleg vere sant at regjeringa vår vil avskrive bygde-Noreg? At statsmakta vil avvikle eit busetnadsmønster som er landet sitt finaste smykke og eit viktig reiskap for ressursutnytting og beredskap?

Eit tordenskrall av eit kommuneval gav snart regjeringa svar på tiltale. Folket stod opp og sa: Slik vil vi ikkje ha det! Vi vil at heile landet skal takast i bruk! Vil vil ikkje bli eit «Sverige 2» med «glesbygder»!

Vi som i dag sit i politiske posisjonar er stemte inn for å forsvare og utvikle den norske samfunnsmodellen som har gjort Noreg til ein mønsterstat. Kommunevalet var ein protest mot regjeringa sin «glesbygdpolitikk». Valet var ei støtteerklæring til både bygd og by.

Må vere frivillig

Det gode liv finst ikkje berre på Aker Brygge. Det finst og på holmar og skjer og på fjellgardar. Difor må vi bokstavleg tala følgje marka når vi teiknar nye kommunekart. I praksis betyr det at vi må ta omsyn til at det finst fjordar og fjell og vinterstengde vegar. Det betyr at vi ikkje kan snu opp ned på alt det tilvande over natta.

Og det betyr ikkje at vi skal la oss kjeppjage av overivrige fylkesmenn som spring regjeringa sine ærend og ber oss tilpasse oss ein urban livsstil i byen. Det er greitt for somme men slett ikkje for alle. Det er og heilt greitt å slå saman kommunar, men det bør skje frivillig og utan tidspress. Noko anna er å undergrave det lokale folkestyret – eit rettsinstitutt som no får plass i sjølve Grunnlova.

Store verdiar på spel

Møtet med «eksperten» på Gardermoen fekk meg til å hente fram att ein støvete politikarhatt frå skapet. Eg vil kjempe for det eg har kjært og det eg trur på!

Byen treng bygda og bygda treng byen! Viss det blir berre by, som regjeringa sin politikk legg opp til, går store verdiar tapt. Det er snakk om matproduksjon frå hav og jord. Det er snakk om fiber frå skogen. Det er snakk om mineral frå fjella. Det er snakk om verdiar knytte til folkehelse og rekreasjon.

I min kommune har vi både verdsarv, nasjonalpark, nasjonal turistveg, geit og jordbær. Dette vert nokre av dei viktigaste «eksportvarene» etter at oljeeventyret truleg er slutt.

Har vi råd?

Mat treng alle kvar einaste dag. Reiseliv er del av den kvite oljen i Noregs nye økonomi. Skal vi legge desse industriane brakk?

Skal vi stelle oss slik at det ikkje vert leveleg på bygdene for folk som vil leve av – og i pakt med naturen? Har vi verkeleg råd til å ende opp som ein urban «kaffelatte»-nasjon der fleirtalet flytter papir og stirer inn i ein dataskjerm samtidig som «glesbygda» spreier seg? Kva vil skje med byane når alle flytter dit? Med trafikkaos, forureining og sosiale problem? Ser du for deg ei framtid med munnbind når du skal ut på gata? Det er alt ein realitet andre stader i verda, og no er det og på god veg inn i vår kvardag.

Er det eit slikt framtidssamfunn fylkesmannen vil ha når han ber oss planlegge for 30–50 år framover?

Arne Sandnes,ordførar (Sp), Norddal