Kjell Inge Røkke er eit omstridd namn både i Nord-Norge og i finans- og pengeadelen i Oslo. På Sunnmøre er det annleis.

Moldensaren Røkke har alltid omgitt seg med sunnmøringar. Det gjeld blådress-sunnmøringar som Leif Arne Langøy og Frank Reite, og det gjeld kjeledress- sunnmøringar som har vore skipperar og mannskap på fiskebåtane. Ei viktig årsak til det er at sunnmøringar har greie på fisk. Og det veit Røkke.

Så når Aker Seafoods, seinare Havfisk, valde å flytte leiinga i det børsnoterte selskapet frå Aker Brygge til Løvenvoldgata i Ålesund så hadde det neppe skjedd utan at mannen på toppen heitte Kjell Inge Røkke. Også landsida av imperiet, Norway Seafoods, har ein sunnmøring på toppen, Thomas Farstad.

Han har hatt den tøffe oppgåva med å skape lønsemd for fiskeindustrien i Finnmark, men har ikkje lukkast heilt. Ikkje han heller.

Historiske band

Aker kjøpte i si tid opp det meste av store landanlegg i Finnmark. Fleire av dei høyrde til det havarerte West Fish/Aarsæther-konsernet. På kjøpet fekk Røkke-selskapet nokre og tjue trålkonsesjonar, både i Finnmark og Nordland. Det er her dei store verdiane ligg, slik fiskerinæringa har utvikla seg. Problemet var at konsesjonane hadde bindingar, men Røkke har klart å manøvrere seg gjennom eit politisk minefelt, og gradvis fått lempa på vilkåra.

Takkebrevet bør først og fremst gå til Arbeidarpartiet, eit parti som har gjort mange forsøk på å knyte distriktspolitikk til fiskeria i Nord-Norge. Dei fleste av dei mislukka.

Det vil sikkert bli spekulert i at Røkke sel fordi han er lei å kjempe mot nordnorske politikarar. Men det kan like gjerne vere at han sel fordi han meiner at det er no fiskeaksjane er på topp.

Og han vil sikkert få kritikk for at han kastar korta, etter gong på gong å ha sagt til politikarane at han må få spesialvilkår fordi han er langsiktig. Men han har vore største eigaren i nesten 20 år, og det er lenge, i alle fall i den turbulente fiskeindustrien.

Og medan Sør-Norge ikkje lenger har filetanlegg, det siste låg i Måløy, er det framleis fleire att i Nord-Norge. Dei største er eigd av Norway Seafoods.

Bergensarar

Kjøparen av Røkke sitt fiskeriimperium er Lerøy. Det bergensbaserte selskapet har god kompetanse når det gjeld fiskeindustri, og ikkje minst distribusjon og sal av fisk. Den største eigaren er Møgster-familien, og dei har eit solid bein planta i sjøsida av fiskeria. Det kan godt vere at Lerøy/Møkster vel ha hovudkontoret til Havfisk i Ålesund ei stund til, men på sikt vert det nok freistande å flytte til Bergen eller Austevoll.

Slik Norway Pelagic vart flytta frå Ålesund til Bergen då Møgster tok over. Og slik Pan Fish, seinare Marine Harvest, gradvis vart flytta frå Ålesund til Bergen. Så for fiskeribyen Ålesund, og Sunnmøre, er eigarskiftet dårleg nytt.