Torsdag var det kakefest her i Røysegata 10. Vi feira opplagsvekst andre år på rad, og med eit endå betre resultat enn året før. Etter mange år i motbakke, er det ufatteleg gledeleg at pilane no peikar oppover. Sunnmørsposten har dyktige medarbeidarar som kvar dag gjer sitt beste for å lage ei god avis, både på nett, mobil og papir. Dessutan har vi engasjerte lesarar som gir oss klare tilbakemeldingar, både på det som er bra, og det vi må gjere betre.

Norge har ein unik flora av lokalaviser, regionaviser og riksaviser som gjer oss til eit av verdas mest avislesande folk. Vi ligg på verdstoppen når det gjeld pressefridom, og har eit velfungerande demokrati, og alt dette er det verdt å ta vare på. Alle lokalsamfunn fortener å ha ei avis som informerer om dei viktigaste sakene, varslar om forhold som bør rettast på og som deler dei gledelege og hyggelege sakene.

I fjor deltok alle i Sunnmørsposten i eit arbeid med å finne fram dei kjerneverdiane som alt arbeidet vårt skal vere prega av. På tvers av avdelingane var vi einige om at desse fire er dei viktigaste: Truverdig, Inkluderande, Nyskapande og Engasjert.

Å vere truverdig er det aller viktigaste. Vi lever av tillit, og oppgåva vår er å søke etter sanning. Det betyr at vi både skal få fram fakta, og vise at kontroversielle saker kan ha mange ulike sider. Uansett kor fin og fjong ei sak er, så er den fullstendig verdilaus, dersom den ikkje er basert på fakta.

Tillit blir skrive på same måte framlengs og baklengs. Ordet Vigrabibelen er ein heidersbetegnelse som spelar på at tidlegare redaktør og aviseigar Ivar Flem kom frå Vigra, og at Sunnmørsposten er avisa som alle skal kunne stole på. Det må vi leve opp til.

Det er nyttig å lese den grundige rapporten som VG har utarbeida etter si handtering av dansevideoen med Trond Giske. VG har erkjent at det er gjort alvorleg feil, og har lista opp tiltak for å hindre at noko tilsvarande skjer igjen. Når urutinerte kjelder blir utsett for pågåande journalistar, eller eit sitat blir formidla på feil måte, kan det få svært store konsekvensar. Det har dei siste vekene vist til fulle. Enkelte har hevda at VG-saka har svekka tilliten til media generelt. Det tvilar eg på. Tillit er noko vi må gjere oss fortent til kvar einaste dag.

VG-rapporten har skapt debatt om journalistiske arbeidsmetodar, kjeldekritikk, kjeldevern, sitatpraksis og generell presseetikk. Det er positivt. Eit viktig punkt i Ver varsam-plakaten handlar om at vi skal sette kritisk søkelys på korleis media fyller si samfunnsrolle. Derfor er det grunn til å rose både Sofie frå Ålesund og TV2 for nødvendig mediekritikk. Også pressefolk har behov for å bli kikka i korta.

Tillit er basert på openheit. I dag presenterer Sunnmørsposten si redaksjonelle årsmelding for 2018, der vi skriv om prioriteringar, etiske vurderingar og saker som har prega det siste året. Du kan lese den redaksjonelle sjølvmeldinga vår her