Nyleg skreiv Aftenposten om ein familie med mobilforbod i jula. Dei ønskte seg ro til samtale og fellesskap. Difor kjem ingen gjester inn før mobilen ligg i ei korg.

Ei nedlatande form for julefred, spør du meg. Før bladde folk i fotoalbum. No viser dei bileta til kvarandre på mobilen. Før sat borna med brettspel og kortstokk. No spelar dei på mobilen. Faktum er at folk held mykje godt på med det same som før, men i nytt format.

Mindre snakk

Men samtalen og den muntlege overleveringa har sjølvsagt trongare kår i dei digitaliserte kvardagane – og høgtidsdagane – våre. Det er generelt mindre børsing og med tida blir det nok færre som meistrar kunsten å fortelje ei knakande god historie i godt lag. Som då eg i sommar fekk høyre oldefar min, Nikolai Liadal, legge ut om første gong han var på juletrefest.

Om det på tampen av 2013 framleis er mange som føler sosiale medium som ei uvant omgangsform, så var det nok ein vel så høg terskel for Nikolai då sonen Sigurd Liadal 1. juledag 1960 fann fram lydbandopptakaren og fekk den 73 år gamle faren til å feste stemma på bandet for å skildre juletrefesten ein mannsalder tidlegare.

Nyflidd og fin

Inngangsbilletten til festen kosta ti øre. Det var stor kapital på den tida, og gjorde det usikkert om Nikolai og alle søskena fekk lov til å gå.

Det ordna seg, og dramatikken starta i møtet med dei store gutane i inngangsdøra:

– Då ej skolde gå innj, vart ej tekjen i heranje (skuldrene) ta to vaksne kare i ti-tolvårs alderen. Dei rudde mej utatt igjen og riste mej og spurde om ej hadde betalt. Og ej fekk atte målet og sa at ej hadde betalt, og då slapp ej innj.

Velberga inne i varmen sette unge Nikolai seg og følgde med på «dørvaktene».

Fekk juling og kveitebrød

Dei vaksne slapp inn utan protest, men for dei mindre gutane var det mest berre juling å få:

– Og då va det fyste gongjen ej lærte at det va forskjel på Kong Salomo og Jakob Hattemakar.

Han avrundar med skildring av dei innkjøpte kveitebrøda, noko han korkje hadde sett eller smakt før:

– Sia he ej no ete forferdeleg mykje ta det, men aldri noke tid he dei vore så god kveitebrøda so dei va der innje på Håvoll.

Håvollstova

Festen gjekk føre seg i ei stove på Andersgarden på Håvoll i Ørsta.

Den stova står like fin i dag den, men no i Borgundgavlen. Det er den raudmåla Håvollstova, ei av elleve bygningar som fekk nytt liv i Ørstatunet då kunstmålar Karl Straume på slutten av 1930-talet gjorde storarbeidet med å berge bygningar frå ørstabygdene.

No har den gamle stova fått seg ei 121 år gamal julehistorie, dokumentert på eit 53 år gamalt lydband. Det er meir enn dei fleste andre hus har. God romjul!