Illustrasjon: Slik kan det gjerast i krysset ved Arbeideren. Då vil trafikken gå mykje raskare enn i dag. Foto: Staale Wattø Staale Wattø/Liv-Jorunn Håker

Korsegata - sentral vegstubb mellom nord- og sørsida - har vore stengt sidan i sommar. Sidan då har det gått på livskrafta laus å køyre i rushtida frå sentrum og innover ettermiddagstid. Kjem du køyrande frå nordsida og legg vegen inn Notnesgata mot krysset ved Arbeideren i firetida, har du fort rota vekk eit kvarter før du passerer Terminalen. Det tek tid dette her. Lang tid!

Bilkøene har blitt berre lengre etter at arbeidet i Posthuskrysset ved Sjøgata starta. Dette er viktig arbeid for trafikkavviklinga i sentrum og det er ingen sure miner frå mi side, altså. I alle fall ikkje når nokon ser på. Anleggsarbeid som raserer køyretida di frå A til B må påreknast frå tid til annan. Intensjonen er nok god. Det blir vel sikkert bra. Heilt sikkert. Når alt blir ferdig, vil det vise seg. Med tida. Til slutt.

Men når tidsklemma strammar seg rundt nakkerota på somme, blomstrar kreativiteten hos andre. Slik som forslaget som datt ned på pulten min her om dagen. Frå ein heidersmann som på dagleg basis frekventerer ein herverande kafé fekk eg overlevert teikninga som ga meg fornya tru på menneskeleg innovasjon. Den sunnmørske idékrafta var visst ikkje daud og steinlagt likevel!

Her fekk eg enkelt illustrert korleis trafikkflyten i krysset ved Arbeideren kan justerast til nye dimensjonar med nokre veldig enkle oppmerkingar. Ei heiltrukken midtlinje og ei stiplalinje som regulerer trafikken vestover i to felt - eitt for dei som skal vidare ut mot Hellebrua og det andre for alle som skal til venstre og innover. Enkelt, og vakkert. Reine skjære vegkunsten.

Men inntil nokon med ansvar finn fram malarkosten og ny oppmerking eventuelt måtte vere på plass, og anleggsarbeidet elles i byen er ferdig, vil nok framleis alternative køyreruter vere løysinga for mange.

Det mest opplagte, opp gjennom byen, ned Storgata og ut på E136 frå Rådstugata var vel og bra det. Heilt til eine felgen fekk seg ein stygg smell i den altfor høge fortauskanten i det altfor trange gateløpet i Storgata ned forbi Storsenteret før Kipervikgata. Med parkeringsplassar på eine sida må det tidvis millimeterpresisjon til for å få to bilar forbi kvarandre. Eg feilnavigerte, ratta litt for hardt, høyrde kor det skar og skrapa på høgre framfelg og kjente det både i magen og lommeboka. Eg er neppe den første, heilt sikkert ikkje den siste, men sidan har i alle fall denne køyreruta vore "no go" frå mi side.

Det neste alternativet, frå Storgata opp til venstre frå Løvenvold inn Parkgata og vidare innover Borgundvegen har eg slutta å køyre i rushtida for mange år sidan. Statistisk sett vil denne ruta før eller seinare ende med at eg køyrer ned ein syklist som - i mangel på sykkelvegar - trakkar seg heimover midt i vegen. Som på så mange vegstrekningar elles i byen.

Så då har det heller blitt til å køyre bak fjellet. Ut til høgre på Skansegata frå parkeringshuset, forbi sjarkfiskarene, Walderhaug og Stuen, der det ofte er kjentfolk å sjå, vidare litt svinging hit og bakkar dit før roa senkar seg og strake vegen går køfritt heilt til Flatholmen, ned gjennom Akslatunnelen, opp forbi trafikkmaskina og ut på innfartsvegen. Fin flyt der på nordsida. Nær sagt ei fredfylt ferd undrande over kva som fyller - og har fylt - mange av desse eldre og slitne næringsbygga ned mot sjøen.

Og kven er det som bur her på nordsida oppetter fjellsida? Dei ligg der nærast litt bortgøymt - både husa og folka.

Eg kjenner ingen av dei. Det burde eg kanskje gjort noko med.

Kjenner eg.