Senterpartiet er valvinnar, og partiet har fått ordførar i ein av tre kommunar i Møre og Romsdal. «Sentraliseringa her i landet har fått ein knekk», har den nye Sp-ordføraren i Ørsta uttala. Han meiner sjølv at han har hausta mange veljarar for sin skepsis mot kommunereforma, ein reform som betyr det same som sentralisering, slik Senterpartiet ser det.

Men lat oss snu på det, og bruke kampen mot sentralisering som eit argument FOR kommunesamanslåing. Og lat oss bruke Ørsta og Volda som døme.

Den 4. byen

I Ørsta og Volda bur det rundt 20.000 innbyggjarar, pluss om lag 2.700 studentar. Dersom dei to kommunane slår seg saman vil det verte by nummer fire i Møre og Romsdal.

Volda/Ørsta vert den desidert største byen i ein region med over 60.000 innbyggjarar. Kjøtvekta vert jamnstor med Molde og Kristiansund i fylkeskommunal samanheng, går det fram av analysen «Byregionen Ørsta Volda», som Møreforsking har laga for Volda kommune.

Hjørnesteinar. I dag har Volda og Ørsta mellom anna sjukehus, flyplass, høgskule, politistasjon, og sorenskrivarkontor. Alt dette representerer statlege tiltak og statlege arbeidsplassar som det med jamne mellomrom kjem forslag om å omorganisere, gjerne i form av ei samanslåing som i praksis betyr sentralisering og tap av lokale arbeidsplassar.

Sjukehuset i Volda er under stadige åtak, og Høgskulen har fått pålegg om å finne ein større aktør å slå seg saman med. Siste på lista er sorenskrivarkontoret for Søre Sunnmøre, som står i fare for å verte flytta til Ålesund.

Sterkare

Ved å slå seg saman til ein bykommune kan Ørsta og Volda stå sterkare i kampen for å halde på desse hjørnesteinane. «Ein klar motivasjon til å arbeide for ein tydelegare byregion med eit klart senter, er å markere seg ovanfor resten av fylket slik at regionen kan kvalifisere seg til å ta del i ulike prosjekt som i dag berre blir tildelt byane i fylket», står det i rapporten frå Møreforsking.

Tenk stort! Det vert også peika på at det kan bli lettare å rekruttere arbeidskraft utanfrå når ein har eit sentrum med eit visst urbant image, spesielt når det inkluderer utdanningssenteret Volda. «Eit tydeleg sentrum kan skape grunnlag for fleire kulturelle aktivitetar, og Høgskulen bør kunne bli ein tydelegare regional aktør», står det i rapporten. Konklusjonen er at det kan løne seg å tenkje stort, det vil seie at Volda og Ørsta bør sjå si rolle i ein større regional samanheng.

Sentralisering

Senterpartiet set likskapssteikn mellom kommunesamanslåing og sentralisering. Ser vi på historia har dei mykje rett i det. Under den førre store kommunereforma for 50 år sidan vart Ørsta, Hjørundfjord og Vartdal slått saman. Ørstavik vart kommunesenteret, og har sidan opplevd stor vekst.

I dag bur det fleire hjørundfjordingar i Ørsta sentrum enn i Hjørundfjord. Volda har hatt same utviklinga, sjølv om kommunen har svidd av mykje pengar på bygdene, ikkje minst til dyre skulebygg.

Taparlaget. Nabokommunen Vanylven er eit døme på det motsette: ein kommune med ein desentralisert struktur - utan eit naturleg senter. Det er neppe tilfeldig at dette er den mest fråflyttingstrua kommunen på Søre Sunnmøre. På same måte som to av dei mest fråflyttingstrua fylka, Finnmark og Sogn og Fjordane, er fylke utan store byar.

Demninga

Ørstingane og voldingane har klumpa seg saman i byggjefelta i kommunesentera. Ein av konsekvensane er at mindre bygder og bygdelag har mist skular, butikkar, postkontor, bankar og kommunale helsetilbod. Det er sjølvsagt trasig for dei som bur der, og mange har nok stemt Senterpartiet i eit håp om å snu utviklinga.

Utan tvil treng vi ei demning for å stanse sentraliseringsstraumen, men det gjeld å byggje den på rette plassen.

Politikk handlar om å ta vanskelege val. Så kva er viktigast å berge: sjukehuset og høgskulen, eller eit legekontor eller ein skule i ei av dei vesle bygdene?

Eit sterkt sentrum kan og vere bra for nærområda. Byane ser ut til å vere på vinnarlaget. If you can´t beat them - join them!