Møre og Romsdal er landets største ferjefylke målt i talet på samband. Transport med ferje og hurtigbåt utgjer livsnerven for mange lokalsamfunn langs kyst og fjord. Eit godt transporttilbod er viktig for å byggje gode bu- og arbeidsmarknader, og er avgjerande for busetnad og verdiskaping i regionen vår.

For fylkeskommunen er derimot dette krevjande. Ferjedrifta har slite hardt på fylkeskommunen sin økonomi lenge. Stadig nye krav til ferjemateriell, kraftig økt trafikk og ein marknad prega med få store aktørar, har drive kostnadane ved anboda opp.

Ferjedrifta har hatt ei underdekning på tresifra millionbeløp årleg, og statlege påplussingar – blant anna ved revidert budsjett i vår, har monna lite.

No går det frå vondt til verre. Dette er særs alvorleg, og ikkje berre for fylkeskommunen.

Når fylkesrådmannen no varslar at fylkeskommunen kan gå på ein ny smell på rundt 100 millionar på ferjedrifta, bør alarmklokkene ringe hos mange.

Fylkesrådmannen har allereie før dette varsla om at den økonomiske kursen for fylkeskommunen er i ferd med å sende den inn i farleg farvatn.

Skuta flyt tungt i sjøen. Høg og veksande gjeld – blant anna som følgje av låneopptak til Nordøyvegen og store etterslep i vedlikehald i samferdsel, truar saman med påtrengande investeringsbehov i vidaregåande skule berekrafta i økonomien. Fylkeskommunen kan verte nøydd til å tappe driftsfond for å få endane til å møtest.

No er altså strengare krav til ferjemateriell ei ny tikkande bombe under den fylkeskommunale økonomien. Robek-lista rykker stadig nærare.

Med dette blir fylkeskommunen sin evne til å vere ein offensiv utviklingsaktør sett i spel.

I tillegg vil dyrare ferjebillettar eller eit svekka rutetilbod vere eit slag mot konkurransekrafta til bedrifter som er avhengig av ferjetransport.

Staten kan ikkje alltid vere svaret når kommunar eller fylke kjem i trøbbel. Lokale politikarar har utan tvil ansvar for å halde orden i eige bu, og setje tæring etter næring. Men denne gongen er ropet på meir statleg hjelp heilt på sin plass.

Det er av nasjonal interesse at det er eit godt transporttilbod langs kysten. Det er populært å snakke om «havrommet», men skal satsingane her lukkast, må vi trygge busetnad og verdiskaping i kystsamfunna.

Då kan ikkje dette næringslivet åleine ta rekninga når fylkeskommunen må investere i nytt ferjemateriell for at Norge skal innfri sine klimamål. Dette må vere ein nasjonal dugnad.

Men det er ikkje nok. Økonomien i fylket er no på eit stadium at fylkespolitikarane ikkje lenger kan gøyme seg bak lovnader og håp om meir pengar frå mor-stat. No må dei sjølve starte å prioritere mellom gode formål. Det er korkje lett eller behageleg. Ikkje blir ein populær heller.