Slik var det på byrjinga av 2000-talet. Rundt 20 personar var i sving på desken, berre for å lage papiravis. Tal for tal vart skrive inn i tabellar, dobbeltsjekka, og deretter plassert på sidene. Det vart jobba på spreng. Trykkinga vart utsett til langt på natt, men likevel ikkje lenger enn at distribusjonsbilane kunne rekke nattferjene, slik at avisa kunne ligge klar i postkassene til klokka sju som avtalt. Sjølv om innsatsen var enorm, risikerte vi likevel at avisa som vart servert til frukosten hadde ufullstendige valresultat.

Den gongen var det ein uoppnåeleg draum å kunne oppdatere abonnentane våre samtidig som valresultata tikka inn. No kan vi det.

Mykje har skjedd på alle desse åra. Teknologien har opna for stadig nye moglegheiter som vi har tatt i bruk. I år tek vi det eit steg vidare.

Stor TV-sending

Dei siste dagane har mange vore i sving med å førebu valsendinga mandag kveld, som blir den største og mest omfattande TV-satsinga vår nokon gong. Mange detaljar skal på plass i innspurten. Sendinga som går frå klokka 20.00 og til godt over midnatt, byr på innslag frå ulike stadar på Sunnmøre, intervju med politikarar, samt kommentarar og analysar etter kvart som valresultata blir klare.

Saman med NRK Møre og Romsdal har vi invitert alle politiske parti i fylket til valvake. Dette gjer det enklare for politikarane å kommentere resultata til fleire medium samtidig. Vi har kvar våre sendingar, sidan vi har ulike roller, men har likevel eit svært godt samarbeid. NRK dekker heile fylket, medan vi i Sunnmørsposten konsentrerer oss om kommunane på Sunnmøre, delar av Romsdal og Nordfjord.

Valdagen i ein redaksjon er som julaftan og 17. mai på ein gong. Det er høg puls og sitrande spenning. Mandag startar vi grytidleg med liveblogging på smp.no, der du mellom anna kan få glimt frå vallokala i bygd og by, og så går det slag i slag utover dagen.

Full pakke i onsdagsavisa

Nyheitene er digitale, medan papiravisa kan gi oversikt og samanheng. Arbeidet med tysdagens papiravis blir avslutta før vallokala stenger. Det betyr at det er ingen valresultat i tysdagsavisa. Derimot blir det full pakke i onsdagsavisa, med oversikt over alle kommunar i vårt område, analysar og kommentarar. . Vi er stolte av å kunne ta i bruk betre valgrafikk, som gir informasjon om valresultatet heilt ned på krinsnivå i kommunane. Valresultatløysinga er utvikla av Aftenposten. Den grafiske framstillinga av valresultata, kan gjerne nyttast i undervisninga i skulane seinare. På den måten kan elevane bli kjent med dei som skal styre heimkommunen dei fire neste åra.

Vi er meir enn heldige som bur i eit fritt og demokratisk land. Det må ikkje takast som sjølvsagt. Vi kan også vere takknemlege for at nokon er viljuge til å stille seg til disposisjon i eit kommune- og fylkestingsval. Dei folkevalde har ei ansvarsfull oppgåve, og får sjeldan ros for innsatsen.

Folkestyret er avhengig både av folkevalde, og av at innbyggarane engasjerer seg og bruker stemmeretten. Vår oppgåve er å informere året rundt, få fram det som er positivt, avdekke det som må rettast på, og overvake alle maktstrukturar. Digitaliseringa har gitt oss ei rikare verktøykasse.

Valdagen er høgtidsdag i redaksjonen, så gjett om vi gler oss til mandag. Teknologien har snudd opp ned på arbeidsrutinane valnatta. Men menyen er den same. Tradisjonen tru blir det servert brennsnut til alle som er på kveldsvakt i år også.