Torsdag var det eitt år sidan den rasande mobben storma den amerikanske kongressen. Eittårsdagen vart markert med sterke vitnemål frå fleire som var til stades der den 6. januar 2021.

Med frykt for eige liv. Om brutalitet og kaos.

Men også med håp – håp om at dagen i framtida også skal hugsast for korleis demokratiet stod imot.

Om korleis dei folkevalde var tilbake før splintra glas, møblar og flekkar av blod var fjerna, og fullførte si plikt i respekt for valresultatet.

Mest like sterkt var likevel dei tomme stolane sitt språk. For ein stor del av dei republikanske folkevalde deltok ikkje i markeringa og tar ikkje del i fordøminga av det som skjedde for eitt år sidan.

Minnemarkeringa vart halden i eit hus og i eit land som framleis er splitta, også i si tolking av kor alvorleg trussel mot demokratiet storminga av Capitol var.

Nokre av dei mest radikale i det republikanske partiet nytta dagen til ei pressekonferanse der bodskapen var at føderale agentar var ansvarlege for å ha fyrt mobben.

Dette fortel sitt.

Splittinga i amerikansk politikk og det amerikanske samfunnet er også i dag sterk, og igjen veksande. Forsoning og samling er langt unna, såra er djupe og motsetningane igjen veksande.

Ein overraskande stor del av veljarane trur framleis at valet er «stole».

Ifølgje meiningsmålingane er det få av desse som forsvarar valden, men talet er likevel skremmande stort. Donald Trump og hans nære allierte har også i dag eit sterk grep om Det republikanske partiet.

For det amerikanske demokratiet er faren ikkje over.

Storminga av kongressen er eit ekstremt døme på kva veg ei kjensledriven polarisering av eit samfunn leier oss. Tendensen til slik polarisering ser vi i mange stadar.

I ei oversikt av trenden dei siste 40 åra i 12 OECD-land som amerikanske National Bureau of Economic Research publiserte før jul, syner at auka polarisering.

USA er i ei klar særstilling her, men slett ikkje åleine.

I halvparten av dei tolv landa er den same tendensen klar.

Norge er mellom landa der utviklinga av polariseringa er flat eller har minka på desse fire tiåra. Men måling av langsiktige tendensar, dekkjer over kortsiktige endringar.

I politiske saker som triggar sterke kjensler, treng vi ikkje forsking for å måle retninga.

Klima, innvandring, religion, vindkraft, sjukehustilbod, korona og rovdyrpolitikk kan splitte vener, bygdelag og familiar også hos oss.

I politisk retorikk med sterk patos, blir det mindre plass til logikk, fakta og forståing.

Eit sunt og fungerande demokrati har ytringsfridom som sin grunnstein. Snevrar vi inn rommet for ytringsfridomen og den frie debatten, underminerer vi demokratiet.

Vi må tole at «det går ei kule varmt».

Vi må tole at meiningar og standpunkt som strir mot våre inste verdiar kjem fram i lyset. Meiningar skal brytast mot kvarandre, ikkje undertrykkast.

Politisk debatt skal synleggjere skilnader mellom parti og mellom ulike politiske løysingar.

Slik får vi grunnlag for å ta val.

Men ein svært kjensledriven, polarisert debatt er også farleg. Sterke kjensler trumfar fakta og fornekting av vitskap, forenklar og viskar ut nyansar.

Irrasjonalitet overstyrer rasjonalitet. Udokumenterte påstandar overstyrer dokumenterte.

Dette kan skape rom for dyrking av grove fiendebilete – og ein sterk gruppeidentitet, eit vi og dei.

Når denne identiteten blir truga, blir terskelen til ekstreme handlingar senka og lista for å finne dei gode kompromissa løfta.

Sosiale media styrt av konfliktforsterkande algoritmar og isolerte nettsamfunn kan bidra til å forsterke desse mekanismane.

Ei slik utvikling kan også truge demokratiet.

Og det var nettopp ei slik samfunnsutvikling som var med på å motivere dei som braut seg gjennom barrikadane og storma den amerikanske kongressen.

Den norske samfunnsdebatten er milevis unna dette.

Men heller ikkje vi er immune.

Ansvaret for å hindre smitten har vi alle.