Temperaturen i debattane dei siste vekene har skapt inntrykk av at abortlova er truga, men lova står sterkare enn nokon gong. Retten til sjølvbestemt abort er ikkje tema for diskusjon, og kvinner skal vere sikre på at dei får den hjelpa dei treng. Spørsmålet som skaper strid er om det er muleg å kombinere to ulike interesser: Den abortsøkjande kvinna sitt behov for rask og respektfull behandling, – utan at ho føler seg avvist i ein sårbar situasjon – og nokre få legars behov for å handle i tråd med sitt samvit.

Dersom interessene kryssar kvarandre, er det omsynet til kvinna som må vege tyngst. Spørsmålet er likevel om det er muleg å ta vare på behova til begge to?

Avtale

Fram­leg­get om re­ser­va­sjons­mu­leg­heit som no er sendt ut på høy­ring, er inga inn­stram­ming i abort­lo­va, men jus­te­ring av prak­sis som har ek­sis­tert i man­ge år: Fram­leg­get gjer det klart at le­gen ik­kje har høve til å re­ser­ve­re seg mot å skri­ve ut pre­ven­sjon el­ler set­te inn spi­ral. Men fast­le­gen kan på vis­se vil­kår re­ser­ve­re seg mot å til­vi­se til abort – så sant det ik­kje går ut­over kvin­nas rett til å få ut­ført inn­gre­pet.

Fastlegane som vil nytte seg av denne mulegheita må dokumentere at dei har inngått avtale med ein anna lege som kan ta hand om tilvisinga. Dei må også varsle alle pasientane sine, som då får høve til å bytte fastlege, dersom dei ønskjer det.

Praktisk løysing

Kvinners rett til abort og legens rett til samvitsfridom har vore harmonisert i mange år, utan store vanskar. Med ei klargjering og innstramming av reservasjonsvilkåra, burde det vere muleg å finne praktiske løysingar på dette framover også. Denne avklaringa bør skje på sentralt hald, og ikkje ute i dei enkelte kommunane. Kvinner har dessutan rett til å ta direkte kontakt med sjukehuset for å få utført aborten, dersom dei ikkje vil gå om ein fastlege.

Den Europeiske Menneskeretts konvensjon slår fast at kvar og ein har rett til samvitsfridom. Det betyr ikkje at ein kan reservere seg mot alt muleg, men abort og aktiv dødshjelp er vanskelege etiske dilemmaer som folk har ulike oppfatningar om. Dersom vi i denne omgang nektar fastlegar mulegheit til reservasjon, kan det bli vanskelegare å argumentere for det same, dersom legar ein gong i framtida blir pålagt å yte aktiv dødshjelp. Eutanasi er forbode i Norge, men det er ei aktuell problemstilling i andre land.

Pressa av barnefar

I oppheita debattar forsvinn ofte nyansane. For mange er abort eit enkelt val, for andre er det svært vanskeleg. Det fins like mange historier, som det fins abortsøkjande kvinner. Ei norsk undersøking frå 2005 viste at kvar fjerde kvinne som valde å ta abort, fekk utført inngrepet etter press frå barnefaren. Enkelte kvinner får høyre at dei er egoistiske når dei vil bere fram barnet, at dei øydelegg livet til andre, at dei er ufornuftige og uansvarlege, og vil bli forlaten. Å stå i dette presset kan vere svært krevjande. Dei kvinnene som vart pressa til abort, hadde det vanskelegare etterpå, enn dei som tok eit friare val.

– Dersom eg hadde møtt ein reservasjonslege då eg vurderte abort, kunne eg kanskje ha fått mot til å behalde barnet, svarte ei kvinne på spørsmålet om korleis ho ville ha reagert i ein slik situasjon. Ved at det blir offentleg kjent kven av fastlegane som reserverer seg, blir det lett å unngå desse fastlegane for alle som ønskjer det. Og dersom det fins kvinner som ønskjer å kontakte ein lege som ikkje tilrår abort, så blir det mulegheit til det også.

Snart 40 år

I eit liberalt demokrati er det viktig å kunne ta omsyn til mindretalet i krevjande etiske saker. Legar i Norge og ei rekkje andre land har juridisk rett til å reservere seg mot å utføre eller å assistere ved abort, og dette har vi klart å leve med her i landet sidan 1975. På same måte bør vi klare å leve med at nokre få legar reserverer seg mot tilvising, så sant det ikkje går ut over kvinnenes lovfesta rettar. For ei kvinne som vurderer abort, vil det ikkje vere nokon fordel å kome til ein lege som er tvinga til å gi råd mot sitt eige samvit.

Abort er framleis vår tids tabu, og mange spørsmål blir aldri stilt. Det går an å håpe at den debatten som no er kvervla opp, kan føre til større openheit om eit vanskeleg tema.