Eg kjøpte meg nyleg ein bruktbil. Den var tilfeldigvis grå. Men då eg køyrde heim frå handelen, i dritvêr frå Nordmøre, så sokk humøret av den grå himmelen, den grå vegen, dei grå husa og alle dei grå bilane. Eg skamma meg litt, fordi eg var jo ikkje noko betre sjølv med min nyerverva grå bil.

Total dominans

Familien til bror min har i årevis hatt ein konkurranse om å vere førstemann til å observere og rope «Gul bil!». At ingen har gått lei, kan kanskje forklarast i at det er så utruleg få gule bilar på vegane. Skarve 1 prosent.

Tal viser at heile 49 prosent av bilane som blei selde i Europa i 2022 var svarte eller grå. Berre i Norge er det nesten 1,7 millionar svarte og grå bilar på vegane. Total dominans! Er ikkje det nitrist?

Dagens byggetrend er ikkje det spor betre. Eigedomsannonsane florerer over av kantete, digre boksar i grått og svart. Nybygga ser flotte ut inni, men utanpå? Eg grøssar når eg passerer enkelte ferske byggefelt. Eg kallar det «Soviet Lux Style», for bustadene der er ikkje så altfor ulike sovjetblokkene kjende frå Aust- Europa: kliss like, firkanta og ubehagelege å sjå på. Bortsett for at stilen her i Norge liksom skal representere det gjævaste på marknaden.

Eg grøssar når eg passerer enkelte ferske byggefelt.

Blir vi glade?

Men vil vi verkeleg ha dette? Inst inne? Blir vi glade av å gå gatelangs i eit miljø med digre boksar av bygg, svarte og grå? Kor det står svarte og grå bilar parkerte utanfor?

Til dømes skal eg og sambuaren snart flytte til ei leilegheit med deilig utsikt over fjell, fjord og ei sjarmerande naustrekke i varme fargar. Men, hadde utsikta i staden vore til bygget vi skal no flytte inn i, så hadde vi aldri vurdert det ein gong. For det er ikkje spesielt pent.

Og der er det kanskje noko av problemet ligg, at vi aksepterer at fasadane og bilane våre er dølle å sjå på, så lenge vi slepp å opphalde oss permanent i det.

Spesielt dei siste fem åra har interiørtrenden eksplodert i fargar som ein kraftig reaksjon til den mangeårige kvitbleike trenden. Folk tør i dag å sette meir preg på veggane i heimane sine, og det er bra. Fargar er som kjent eit verkemiddel for å sette ei stemning og gje energi.

Dei siste åra har også Arkitekturopprøret, stifta i 2014, fått stor oppslutning. Rørsla er ei motstemme til dagens minimalistiske byggeskikk, og vil heller tilbake til tidlegare tiders mjuke linjer og kreative ornament. Slik som til dømes jugendstilen som Ålesund er så kjent for.

Ei sprekare retning

Eit opprør må nok til, for det offentlege per i dag klarar iallfall ikkje ta på seg oppgåva med å gjere omgjevnadane våre meir sjarmerande. Det er nok grå rådhus rundt forbi til at det har blitt eit eige adjektiv: «kommunegrått».

Staten er ikkje noko betre, for til dømes er det nyopna Nasjonalmuseet i Oslo ei diger grå festning. Det er så utriveleg å gå forbi at tankane mine fort går til muren som skil Israel og Palestina. Og det offentleg finansierte Munch-museet frå 2020 er ein 13-etasjars grå mastodont, som står i grell kontrast til Edvard Munch sin fargerike produksjon.

Heldigvis er det fleire gode initiativ på gang.

Sunnmørskunstnaren Marianne Heske har nyleg foreslått å lage eit utsnitt av Munch-kunstverket «Solen» på den eine fasadevegen. Eg synest det er ein strålande idé, for det einaste den veggen gjer for folk i dag er å kaste skugge.

I februar lova dessutan det ålesundsbaserte eigedomsselskapet Lampholmen at dei aldri meir skal bygge i svart eller grått. Eg festar min lit til at desse er med på dytte fleire private aktørar i ei sprekare retning. Og til hausten er det kommune- og fylkestingsval. Kanskje vi bør utfordre våre lokale politikarar på fargepolitikk?

I mellomtida kan vi prise oss lukkelege over at våren gjer at graset blir grønare, himmelen oftare blå og sola tittar fram – gul og blid.